Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

søndag 30. oktober 2011

Bittas Mittens og min variant.

DSC08507DSC08509

No er eg oppi 3 par med Bittas Mittens. Så no vert det nok ein liten pause på desse vottane. Eg har strikka 2 par som er heilt etter mønsteret, men så har eg og strikka eit som har litt andre fletter. Er sjølv ganske fornøgd med desse vottane. Får sjå om eg strikkar fleire ein gong seinare.

Mønster: Bittar Mittens.

Garn: Lima frå Drops.

Pinner: 4 mm.

DSC08503DSC08501

Desse vottane over, har fått eit litt anna mønster oppå handa. Resten av oppskrifta er Bittas Mittens. Kjekt å prøve litt andre fletter.

DSC08500

Her ser ein at dei ikkje er heilt like.

 

 

 

 

DSC08505DSC08506

Til slutt eit par i ein annan farge.

I dag regnar det noko forferdeleg. Så eg kosar meg inne. Fingrane har det fint, men det går litt tregare med vetlefingen. Der er såret ganske opent endå. No klarar eg meg med litt mindre plastelappar, som gjer det litt enklare å strikke Smilefjes

Ha ein fin søndags ettermiddag. Klem

10 kommentarer:

  1. Så flotte votter. Holder på disse her også. Dessuten er Lima et nydelig garn å strikke med.

    SvarSlett
  2. Utrolig flotte votter! Tror jammen jeg må teste ut mønsteret, har ikke sett det før! Og regner med at de er ganske morsomme å strikke, siden du har laget en hel haug? (o: Fine farger også. Takk for inspirasjon!

    Og god bedring med fingrene... Uff.

    SvarSlett
  3. Kjempeflotte votter du har laget:)

    SvarSlett
  4. Så fint at du er litt bedre i fingrene dine :) Det er så lekre de vottene dine ! Kjempefin lue du har laget også :)
    Ha en fin kveld, klem.

    SvarSlett
  5. De var kjempefine, alle tre:-) Din flette ble minst like fin som den jeg laget, så her er det bare å bygge videre på kreativiteten:-)
    Ha en flott søndagskveld, og ei fin uke videre!

    SvarSlett
  6. Lekre votter du har strikket.Ønsker deg en fin søndagskveld.

    SvarSlett
  7. Kjempefine vottar i flotte fargar :)

    SvarSlett
  8. Flotte vottar!
    Og jammen bra du har fått fart på pinnane att.......

    SvarSlett
  9. Flotte -- likte best din vri på dei.

    SvarSlett
  10. Det ser ut for meg som om du strikkar som det susar!
    -målet mitt er å læra meg dette språket, i form av å kunne lese eit mønster i vinter. Håpar det blir!

    Lillian og Adolf var våre, mine venniner og eg, -sin favoritt når me gjekk julebukk. Me kjende dei ikkje så godt, me budde lenger oppe i byggefeltet. Kvart år blei me invitert inn, på buss og kaker og snop. Me satt då alle inne i den varma stova deira medan me blei servert dei beste kake og champangebrus. Vakre mennesker! -tenkjer du er heldig som har dei i din inste sirkel.

    God vinter og godt strikke og Halsnøy er også veldigt nært for meg! -me har tydlegvis mange av dei same knytepunkta i livet!

    God kveld i stova!

    Elisabeth

    SvarSlett