Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

onsdag 23. november 2011

Lue til ein Litauisk ven.

IMG_0550IMG_0551

No sit eg her og høyrer på Herborg Kråkevik på wimp. Masse fin musikk der. Bakt endå eit slag med julekaker er og gjort tidleg i dag. Så då er eg oppe i 2 slag…. Måtte berre blogge denne hua før eg skal rydda og vaska litt før eg reiser på seinvakt.

Denne hua vert nok ei julegåve til ein frå Litauen. Kona hans får og ei hue Smilefjes

Mønster: Frå eit regia hefte. Hugsar ikkje nr.

Garn: Regia Highland tweed.

Pinner: 3.5 mm.

Ikkje så godt å sjå mønsteret, men fint var det og enkelt å strikke. Toppen på hua vart ikkje slik som det stod i mønsteret for det skjøna eg ikkje heilt. Var på svensk nemleg…. Strikkar eg den ein gong til så skal eg nok få toppen rett og…. Fargen er mest rett på dei mørkaste bildene.

IMG_0556IMG_0557

Ha ein fin ettermiddag!

søndag 20. november 2011

Little Korrigan

IMG_0544IMG_0545

Jaja litt seint å ta bilder ser eg, kunne gjordt det medan det var skikkeleg lys ute. Men då dreiv eg å vaska kjøkenet. Så no er det reint og fint, med julegardinene på plasskomne. Egentlig ganske toske å vaske kjøkenet før ein startar med julebakinga….jaja e no gjordt no og godt er det.

Såg denne baby jakka på ravelry og måtte berre strikka den. Ikkje har eg nokon den kan passe no, men kanskje den passar ein liten baby ein gong. No ligg den i allefall i kassen med heimestrikka babykle. Som kan bli din viss du får ein liten baby Smilefjes 

Mønster:Korrigan

Garn: Merino lace frå Ella Rae.

Pinner: 3 mm.

Storleik: 6 mnd.

IMG_0547IMG_0549

Ei kjekk jakke å strikke. Ein startar oppi halsen og strikkar seg nedover jakka. Denne gongen vart det i eit litt rotete garn, så neste gong vert denne nok strikka i eit litt rolegare garn.

Ha ein fin kveld folkens.

tirsdag 15. november 2011

Vin nisse.

November 2011 017November 2011 018November 2011 019

Ein liten vin nisse har endeleg vorte foreviga på bilde. Han har sete i stova i lenger tid, men enkelte ting brukar ein veldig lang tid til. Slik som å få tatt bilde. No har eg då vore ute i sola og sett på rimfrosten. Ikkje like enkelt å ta bilde av ser eg. Ikkje er eg proff heller.

November 2011 024

Litt sirompa sit han der…..

torsdag 10. november 2011

Kjole til ei lita jente.

IMG_0512IMG_0514

Dale har mykje fine babymønstrar, men eg er ikkje like begeistra over mønstrane til vaksne. Der synst eg det er mykje spesielt. For vaksne så er favoritten min Sandnesmønstrar. Jaja nok om det. No har eg strikka ferdig ein kjole for tanta mi. Den tanta som ikkje kan strikka eller noko form for handarbeid. Jammen er det godt ho har meg, når det gjeld litt strikka kle til banebarna Smilefjes

Mønater: 203 dale baby.

Garn: Dale baby ull.

Pinnar: 2.5 mm og heklenål 1.75 (eg fann ikkje nr 2 i rotet mitt)

Storleik: 2 år.

No skal kjolen sendast avgarde. Så eg håpar den kjem fram før jul…..og ikkje forsvinn i posten. Ikkje det at eg har mista noko der, men ser at andre har mista pakkar som ikkje kjem fram.

IMG_0515IMG_0518

Har tatt bilder ute i dag. Og som de kan sjå så er det framleis roseknoppar på rosebuskane. Sjølv om dei rotnar vekk og ikkje opnar seg no i november, så er det fint å sjå.

IMG_0519IMG_0520

IMG_0524IMG_0521

Forresten er det nokon av deko lesarar som har problem med Ravelry? Bildene kjem ikkje opp på skjermen min. Berre nokre få. Dei som eg har lagt ut tidlegare sjølv, dei kjem fram. I dag då eg lasta opp bilder av kjolen så er det berre kvitt der bilde skal ligga. Står berre at da loadar opp.

Om ikkje så lenge så ventar ei seinvakt på meg. Ha ein fin kveld.

søndag 6. november 2011

Enkle rillestrikkavottar

IMG_0303

Må nett starta med ei flott rosa. Ikkje fotografert i dag. men frå i sommar ein gong da va regn. Noko som det har vore i heile sommar…nesten. Noko som har resultert i mykje strikking…og for lite røyrsle….kva vert resultatet av det???? Da snakkar me ikkje om…

Her har eg strikka nokre enkle vottar i restane etter kragejakka mi. Kjekt å få brukt opp restane. Vert nok nokre til med striper for eg har ikkje nok til eit par til. Men kortid desse vert strikka, veit eg ikkje.

IMG_0499IMG_0502

Mønster: Rillestrikka vottar frå Nøstebarn.

Garn: New Zealand lammeull.

Pinner: 3.5 og 4 mm.

Storleik: 3 – 5 år.

Enklare vottar trur eg nesten ikkje  det går an å strikke. Dette må vere dei ultimate vottane for nybyrjarar.

IMG_0504

No ventar ei ny veke på jobb att. Etter å ha sete heima med plastra fingrar.

Ha ei fin veke!