Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

tirsdag 16. mars 2010

Sjal i mini palett

Mars09 045 

No har eg strikka min eigen variant av Multnoma sjalet. Eg har strikka det i Mini Palett frå Sandnes garn. Måtte strikke fleire omg slik at det vart større før eg byrja på mønsteret.  Og så var det om å gjera å bruka opp mest mulig av nøstet. Sjalet er avslutt med striper med havskum mønster, før eg felte av.

 Mars09 043

Mønster: Min variant av Multnoma sjalet

Garn: Mini Palett

Pinner: 3,5 mm

Mengde: Brukte nseten opp eit nøste på 100 gr.

 Mars09 040

 

Ellers så går det i diare her i huset, minste mann i huset har og kasta opp. Kan det ver noro viruset som regjerer eller berre vanleg diare. I allefall det er noko drit å ha i hus. Natt til mandag låg eg på alle fira og tørka spy frå badegulvet. Jippi…….men no er me no på betring…….berre jentungen som ikkje har hatt det.

Ellers så må de andre her i bloggverden ha ei fin veke.

søndag 7. mars 2010

Annlaug si Kari Traa look a like lue.

IMG_5419 IMG_5420 IMG_5421

Mønster: Samme som innlegget under.

Garn: Dobbel Dale babyull.

Pinner: 4.5 mm

lørdag 6. mars 2010

Hallvard si Kari Traa look a like lue.

IMG_5407 IMG_5405 IMG_5406

Mønster:Niko

Garn: Dei blå er Merino Big og kvit er dobbel babyull.

Pinne: 4.5 mm.

Storleik: Hallvard 8 år.

torsdag 4. mars 2010

Ishbel nr 4

IMG_5396Mitt fjerde Ishbel sjal. har vore ferdig ei stund, har lagt ei stund til blokking og har vorte fotografert for ei stund sidan. Så her tar ting tid fortida. Når ein går med smerter i hofta/ryggen så begrensar dagane seg. Nok om det.

Garn: Saffron

Pinner: 4mm trur eg.

Mønster: Ishbel

 IMG_5391 IMG_5392  IMG_5395

Wollmeise

IMG_5398 IMG_5399 IMG_5403

Bildene får tala for seg sjølv.