Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

onsdag 31. august 2011

Små fine babysokkar.

IMG_0322IMG_0327IMG_0323

Inni mellom sjal og anna storstrikk eg har hatt i sommar så har eg strikka to par med babysokkar. Kjekt med noko som vert litt fortare ferdig. Og så er det så kjekt å gje vekk til små babyføter…

Mønster: eit rauma baby hefte nr ?

Garn: Bambino babyull frå lageret.

Pinner: 2.5 mm.

Storleik: 6 – 12 mn.

IMG_0336

IMG_0329IMG_0328

Blomstringa byrjar avta noko no, men på rosene så er det mange knoppar. Litt varme og sol så blomstrar dei nok. Liljene mine dei er eg stolte av. Dei er så store og fine, og kjem att år etter år.

IMG_0331

Tilslutt eit lite bilde av dammen. Berre litt så ferdigstilling så er den heilt ferdig. Vart passleg stor og djup. Godt fornøgd er eg , når eg sit ute og ser på fiskaneSmilefjes

mandag 29. august 2011

Babyteppe i regnbogefargar.

IMG_0312IMG_0315

Fekk forespørsel frå ei på arbeid ein kveld om eg hadde eit teppe liggande. Hadde berre eit i rosa og grønt, så det passa ikkje til noko gut. Så då var det berre til å strikke eit som kunne passa. Kauni i regnbogefargar passar både til gut og jente. Eit slik hadde og denne dama kjøpt før ein gong. Litt over ei veke tok det meg, med litt hjelp av nokre nattevakter.

Detta teppet er så fargerikt og flott, ein vert nesten glad av å sjå på det. Kanskje eg skulle ha strikka eit til meg sjølv og hatt i sofanSmilefjes

IMG_0316IMG_0317

Mønster: frå Nøstebarn boka.

Garn: Kauni farge EQ

Pinner: 4.5 mm

Storleik: ca 1m X1m.

IMG_0310IMG_0309

Her leika det fisk nedi havet, og den leiken den ville han sjå…..

IMG_0320

Her i heimen har me litt tunge dagar…..svigerfar døydde så alt for ung 67 år. Etter mange år med dårleg hjarte….Hallvard sa det så godt,”bestefar har vore sjuk så lenge eg har levd”. Hallvard er i dag 9,5 år…

tirsdag 23. august 2011

Plassert bloggen min på kartet

Jeg har plassert min blogg i <a href="http://bloggurat.net/kart/registrere/10416/sogndalsfjoera">Sogndalsfjøra</a> på <a href="http://bloggurat.net/kart/">norske bloggkart</a>!

søndag 21. august 2011

Seraphim sjal....til meg sjølv.


Hugsar de 300 gr med Wollmeise lace? 157 gr av dette har vorte til Seraphim sjal. Trur nesten at eg har nok til eit til. Dette sjalet kjem ikkje til å reise ut av huset uten at eg har det på meg. Dette er eit sjal som har vore med meg til Svalbard og besøkt stader som Longyearbyen, Pyramiden og Barentsburg. Eit minne for livet.
Dette sjalet ska brukast i spesielle anledningar, så systre og vener som ikkje er gifte. Gift dykk!!!

Garn: 157 gr Wollmeise Lace
Mønster: Seraphim Shawl av Miriam L. Felton
Pinner: 4 elle 4,5 mm ikkje heilt sikker.
Posted by Picasa

lørdag 20. august 2011

Summer Mystery Shawlette

DSC08237DSC08238DSC08239

Ting tek tid, men endeleg er sjalet vaska og blokka. Fotografert i alle vinklar…..Må berre få sei at no blomstrar det som berre da i hagen min. Den store rosa på bildet under har ikkje herdighet til å overleve her eg bur ein gong, gjett om eg er stolt.

Garn: Odara, farge Autumn Sky, 50% merino og 50% silke. Saffrondyeworks

Mønster: Summer Mystery Shawlett av Wendy D. Johnson

Pinner: 4,5 mm.

Dette sjalet har vore eit samstikkprosjekt på Projo, denne sommaren.Eit enkelt og lite sjal. Kunne godt ha vore litt større.

DSC08240DSC08241

DSC08242

Litt trøytt i trynet etter å ha vore på ei travel nattevakt og ikkje sove meir enn 5 timar. Viss eg ikkje får sova meir kjem det til å å bli ei pyton nattevaksthelg…..For de som ikkje skal sova på dagtid, ha ei fin helg.

lørdag 13. august 2011

NM på Byrkjelo

IMG_0077IMG_0089

Her er gjengen samla når me ser på 1500 menn, der søskenbarnet mitt spring. Han kom på 4 plass i sitt heat. Og skal springa finalen i morgon. Då han var ferdig så tok me ein liten tur til Innvik og Skogstad…..vart litt klekjøp der .

IMG_0137

Så er me på plass att og ventar på 800 m kvinner. Der skal neste søskenbarn springa….

IMG_0188

Denne jenta ser berre konkurentane ryggen påSmilefjes

IMG_0201IMG_0209

Det vart ein 800 m i einsom majestet. Flink jente.

IMG_0237

Ingvill Måkestad Bovim ein flott vinnar!

fredag 5. august 2011

Kragejakka frå Nøstebarn.

IMG_0069IMG_0070

Då var kragejakka ferdig strikka, vaska, tørka og blogga. Fekk brukt den nye vaskemaskina mi sitt håndvaskprogram og det fungerte heilt fint. Denne jakka har vore med meg litt rundt om kring i sommar, sidan det er berre enkel glattstrikk. Tankelaust strikk….som er kjekt å ha mellom strikketøy som treng tenking.

IMG_0071IMG_0072

Mønster: Kragejakka frå Nøstebarn

Garn: New Zeeland lammeull.

Pinner: 3,5 mm og 4,5 mm.

Storleik: Passar meg heilt fint.

IMG_0068

Ein sommardag i august, sit tantungen og funderer på livetSmilefjes eller noko i den dur. Siste dagen det var sol, for no er regnet kome att….som eigentleg passar meg fint sidan eg skal ha nattevaktshelg….egoist som eg erSmilefjes

Ha ei fin helg alle saman som er innom…..

onsdag 3. august 2011

Bading pågår….

Mobil 2011 014Mobil 2011 018

Me kosar oss på Fimreite i campingvogna. Ungane bada og sjølv om sola vart borte, og ikkje kom att. Men det gjorde regnet…..Svaberg er glatt, så mora holdt på å få seg eit ufrivillig badSmilefjes

Mobil 2011 020Mobil 2011 022

Etter ei natt i vogna så kjem ein heim til dette blomsterfloret, det skal ikkje mykje sol til før rosene sprett ut i full flor.

Mobil 2011 029

Bildet under er av klatre rosa mi som eg planta i fjor. I år er det ei grein som veks opp over og endar i eit hav av knoppar. Så lurer eg på kjem den til å kome med fleire greiner til neste år eller stryk den med i vinter? I fjor då eg planta den hadde den mange greiner, men i år er det berre ei som veks.

Mobil 2011 026

I morgon er det tidlegvakt med ei påfygjande nattevaktshelg…..så eg håpar på masse strikkingSmilefjes