Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

mandag 30. april 2012

Marius til to fine systre.

IMG_8912IMG_8914 No har eg strikka kjolar til 2 systre, eigentleg hadde eg strikka noko anna. Men når me ikkje får ut fingen og reise på besøk, så vert det berre slik. Ting må strikkast på nytt. No håpar eg berre at me kjem oss avgarde og får levert desse kjolane før dei er forsmå dei og Smilefjes   Ser de at me framleis har litt snø att. Sola skin og varmar godt, så den forsvinn fort.

IMG_8915IMG_8916

Mønsteret er henta frå Tema 30. Masse fint i det heftet, skulle hatt småfolk sjølv Smilefjes  Nei slikt er eg ferdig med, så eg får strikka til andre sine små. Den grøne er strikka i dale baby ull og den lilla er strikka i lanett. Har berre bytt om fargane, slik at dei vart ulike men likevel høyrde saman.

IMG_8917IMG_8918

I morgon skal eg nyte fridagen med sol, varme og grilling på altanen. Og så må alle som skal feira 1 mai ha ein fin dag.

onsdag 25. april 2012

No trur eg er oppe i 10 par tjukkelabbar…..

Og faktisk så er det litt kjekt å strikke labbar likevel……enkelt strikk å ha i veska.

DSC08723DSC08726

Desse er strikka i Oline på pinne 3,5 mm. Flotte fargar om eg så må sei det sjølv. Kunne godt hatt dei sjølv, men trur nok at dei vert gåver….

 

DSC08727DSC08729

Desse er strikka i Arwetta clasic på pinne 3 mm. Kunne med fordel brukt 2.5 mm. Trur eg må innvistere i 2.75, 2.25 og 3.25 mm pinnar.

Etter å ha strikka 10 par sokkar i den siste tida. Så må eg sei at ag likar Online garnet best. Passleg tjukkelse, som eg kan strikka på både 3 og 3.5 mm pinnar.

Nei no lyte eg køyre gutungen på dansing.

lørdag 21. april 2012

Paris ein flott by…mykje å sjå.

Lindas iphone 2012 087Lindas iphone 2012 095

Til venste har eg Triumfbuen i bakgrunnen og til høgre så er eg framfor Notre Dame. Triumfbuen hadde ca 280 trappetrinn heilt opp på toppen og var ca 50 m høg. Det var reine trimmen å gå opp der. Tilsaman så gjekk eg litt over 18000 steg den dagen. Kan sei eg kjende det i føtna…..sliten.com Smilefjes

Lindas iphone 2012 103Lindas iphone 2012 106Lindas iphone 2012 090

Her er det Eiffeltårnet som lurar i bakgrunnen, frå forskjellige stader.

Lindas iphone 2012 107Lindas iphone 2012 109

Må sei eg følte meg ikkje heilt vel 150 m over bakken i ein stålkonstruksjon som Eiffeltårnet. Jarle var heilt på toppen. Litt tøffare han Smilefjes

Lindas iphone 2012 094

Etter å he leita etter garnbutikkar så fann me endeleg ein. Denne kan ikkje samanliknast med noko av det ein finn i norge. Her inne fekk du eigen hjelpar (eller ka da no heite) denne dama følgde meg gjennom butikken, eg sa kva eg ville ha og ho laga til. Eg valgte tråd og farge og så plukka ho ned dei spolane frå ein høg vegg og nøsta opp så mykje som eg skulle ha. Fasinerandes…

Lindas iphone 2012 098

Tilslutt fann me og det Jarle var på utkikk etter…..slalomsko….og det i Paris…..vart ikkje kjøpt noko….

tirsdag 10. april 2012

Produksjonen fortset……

Sokkar er kanskje ikkje så kjedeleg å strikka likevel, for her fortset produksonen. To par til ein liten gut og eit par til ein stor mann. Og endå er eg ikkje heilt ferdig. Eg har brukt mange forskellige sortar garn under denne storproduksjonen av labbar. Regia 4tråd og 6 tråd, sisu, online, sterk og noko amerikansk merinoull. Og eg trur nesten at favorittane er sterk og onlinegarnet. No veit eg ikkje korleis desse er i bruk, men i mjukheit så likar eg dei best.

Kanskje alle får labbar til jula 2012???? Smilefjes

DSC08657

Ca storleik 2 år. Strikka i Sisu på pinne nr 3 mm.

DSC08664

Som far og son. Strikka i Online på pinne 3.mm trur eg da va.

DSC08663

I går morgon då eg reiste på arbeid var det kome nye 10 cm nysnø…..arg…no e eg lei. I dag regnar det heldigvis så den er snart vekke att. No vil eg og ha vår. Så den neste veke tek eg og mannen turen til Paris og håpar på sommar og sol. Og at snøen er vekke når me kjem heim att. På flyet vert det sikkert strikka sokkar Smilefjes