Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

tirsdag 24. juli 2012

Jaffrey for damer.

Juli 2012 149Juli 2012 150Juli 2012 151

Denne gongen er det damemodellen til Jaffrey eg har strikka. Fin den og..men trur eg likar herremodellen best. Liksom ikkje heilt meg desse talerken huene Smilefjes Så denne vert nok ei gåve ein gong.

Juli 2012 152Juli 2012 157

Bak i frå var hua rund som ein talerk. Kanskje fordi den vartblokka med ein talerk inni….. Ikkje greit å vera modell og halda seg alvorleg, når det vert litt teite positurar…

Juli 2012 191

Til slutt eit lite bilde frå Nigardsbreen, ein dag det var litt fint ver.

mandag 23. juli 2012

Endelege ferdig med gensaren.

Juli 2012 053Juli 2012 054

Endeleg ferdig! Denne satarta eg på tidleg i januar og tenkte at dette var fort gjort. Berre masse glattstrikk (lett tvstrikk) før felling og mønster. Men neidå dette tok tid, nettopp fordi det er så mykje anna fint å strikke…..og eg ikkje har lert å gjera meg ferdig med ein ting før eg startar på noko nytt. Ja ja eg er vel ikkja aleina om å ha det slik Smilefjes

Juli 2012 052

Mønsteret er frå drops/garnsudio sine sider. Og garnet eg har brukt er drops sin alpaca. Greit garn å strikke med. Fine fargar har det og.

No har eg starta på ferieveke 2. Og nett no regnar det ikkje. Faktisk bra klestørk. Noko me ikkje har hatt for mykje av i det siste.

Denne veka tek me turen til Ålesund, fyrst må berre mannen gjere seg ferdig med ein date med Bruce…. Og sidan me skal til Ålesund, er det nokon som kan anbefala nokre fine garnbutikkar. Mest truleg så skal me køyre opp til Raumaullvare på onsdag, noko som skal bli spennande.

Juli 2012 037Juli 2012 038

Tilslutt må eg berre slenge ved nokre bilder frå Fimreite og sognefjorden. Bilde er tatt langt oppi lia over Fimreite og inn over fjorden. Jammen ein fin plass me bur på.

Ha ei fine veke alle saman.

onsdag 18. juli 2012

Frå fjell til fjord

Frå fjellet i sogn den eine dagen til fjorden på Askøy den andre dagen.

tirsdag 10. juli 2012

Seraphim nok ein gong….

 

_MG_9285_MG_9287_MG_9290

Nok ein gong har eg strikka dette sjalet. Eg tykjer berre at det er så fint. Denne gongen har eg og brukt Drops Lace i ein litt melert lilla farge. Dette garnet er så tynt og lett at ein fint kan bruke det om sommaren og.

_MG_9292_MG_9296

Sjå dei fine blomane eg har i hagen min Smilefjes Kvit iris, blå valmuesøster og allium og raud peon.

_MG_9299_MG_9303

Eg har to peoner i hagen min, og den eine blomstrar no. Det er berre to greiner på den, og begge har ein blom kvar.

I dag fekk eg høyra noko hyggeleg som gjer at eg kan strikka småting……..