Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 26. februar 2010

Fjellsport oppdatering 2

Februar10 398

Midt i bildet var starten til Kinesiskutfor under fjellsportfestivalen 2010.

Kinesiskut so startar alle samtidig på toppen og det er om å gjera å koma fyrst i mål. Vinnaren vart Steinar Ness frå Sogndal.

Februar10 398 Dette bildet viser eit lite utsnitt av same bildet. Det var 80 startande.

 

 

Februar10 429

Februar10 482

Her er dei byrja koma i mål etter å ha brukt 2.5 min frå start.

Februar10 497 Februar10 499 Februar10 502 

Me andre kosar oss i målområdet. Med pølser og kina mat. Inga Kinesiskutfor utan kinamat.

Februar10 503

 Februar10 310 Februar10 311 Februar10 312

Desse tre bildene er av Hallvard som hoppar på hoppet dei har bygd inne i storhallen. Hallvard var med og bygde dette på onsdag kvelden, så det var jo klart han skulle prøva det. Eg hadde aldri gjordt det……..ver du sikker.

Dette var eindå ein kjempe dag under Fjellsport festivalen 2010. Meir kan sjåast på Vestlandsrevyen.

I morgon er det jobb att for meg. Men eg får vel med meg siste dag på søndag.

torsdag 25. februar 2010

Fjellsportfestivalen 2010

 IMG_5072IMG_5059IMG_5044  IMG_5077 IMG_5084 IMG_5108  IMG_5110 IMG_5118

Nokre små innblikk i barnas dag på Selseng under Fjellsport festivalen 2010.

I morgon er det Kinesisk utfor. Der mannen skal delta………så får me sjå om han kjem seg heilskinna ned.

mandag 22. februar 2010

Marius tunika er fint OL strikk.

IMG_5012 IMG_5013  IMG_5011

No har eg strikka tunika til meg sjølv. Har brukt mønsteret til ein mariusgensar. Og gjort om litt på den og uten armar so vert det ein tunika. Skulle eigentleg verta ein vest, men som de ser så vart bolen litt lang. Slik er det når ein er litt ivrig under skiskyting. Til meir spennande det vert, til fortare går strikkepinnane. Må og sei at den vart Skikkeleg fin utan på rosa stilongs og trøye :) Men slike er det når ein skal ut i snøen og ein må blogga den fortast mulig.

Eg er ikkje heilt fornøgd med armhola, for dei kunne vore litt mindre. Men eg strikkar kanskje fleire slike eg. For den var rask å strikka.

Mønster: Litt omgjort frå Sandnes.

Garn: Alpakka frå sandnes.

IMG_5007

lørdag 20. februar 2010

WOLLMEISE IN LOVE

IMG_4923Pakke i posten i dag og. Og det er andre pakken frå wollmeise i Tyskland. Skal tru dette vert dyrt i lengda. Trur eg må bestille berre eit hespe om gongen, for eller så kjem fortollinga i tillegg. Toll er noko forbanna drit. Toll på garn!!!!

Så denne wollmeise forelskinga vert dyrt i lengden. For no har eg handla 3 fredagar etter kvarandre. Litt kjekt, for det er ganske spennande å sjå kva ein set att med tilslutt. For her forsvinn garnet frå handlekorga fortare enn F…….

IMG_4921

Dette er fyrste vekas fangst.

 

 IMG_4928

    

IMG_4927

 

 

 

 

 

Desse to bildene nederst er andre vekas fangst. slik vert det når ein har oppdaga Wollmeise sin oppdatering på netthandelen kvar fredag. Og eg som har vore sjukemeldt desse fredagene, så har det vore kjekt å sitja framfor datan og venta på oppdatering. Men dyrt vert det, så no får eg til å jobba att, for dette går ikkje. Og ein ting til jammen godt mannen ikkje er heima so mykje når posten kjem her med pakkar til meg………:) Då trur eg han hadde hoppa i taket :) Eller?

Jaja no får eg venta på neste sending frå tyskland og så får eg håpa at eg jobbar dei neste fredagane:)

Ha ei fin helg alle saman!!!!!

mandag 15. februar 2010

Herlege søndag og ferdigstilling av siste par vottar for ei stund…..trur eg

IMG_4858 IMG_4863 IMG_4873

Me måtte ha oss ein tur ut på søndag. Og sidan ski ikkje er aktuelt for meg for tida så er det berre å ta beina fatt. Eg og minste guten i huset vart med dei andre fram i skitrekket og så gjekk me heim att i lysløypa. Utruleg flott ver tidleg på dagen, men det skya meir og meir over seinare på dagen.

 IMG_4870  IMG_4887

Tissepause var og nødvendig. Ikkje nok med at han skulle tissa, men han vassa ut i laus snøen, la vottane att med seg og leita fram vetle karen. Kanskje den  ikkje var så lett å finna med alle kledna på……….Kvilepause måtte og til når han hadde sigla ned gjennom skogen, der treffte han tremenningen sin.

IMG_4892Eit lite bilde av huset vårt i sola.

 

 IMG_4917 IMG_4918 IMG_4919 Og så var det sista paret med vottar for ei stund trur eg………er i allefall litt lei av å strikke vottar. Men det vert nok fleire seinare. Trur eg er litt små lei strikking og for tida. Har vorte mykje strikking i vinter, men no med ein kranglete rygg og det inneber at eg ikkje kan sitja for lenge så vert det ikkje mykje strikking……vert meir turgåing……og det er no berre positivt…

lørdag 13. februar 2010

Vottar ei lita oppdatering

IMG_4855 IMG_4853

Endå eit par med vottar. Men no kjenner eg at eg byrjar verte lei av å strikke vottar. For dette trur eg er par nr. 10 sidan jul. Desse er strikka i svart og rosa. Svart og rosa tykjer eg er fint i lag, men til desse vottane så veit eg ikkje heilt om eg tykjer det er fint. Men ei jente på 6-7 år syns sikkert dei er fine.

Mønster: pt design 82.

Garn: pt 5 sport

Storleik: 6-8 år.

Det er lite blogging for tida, har byrja på fleire nye prosjekt denne veka. Difor vert liksom ingenting ferdig heller. Ryggen er og kranglete, og sjølv om eg er sjukemeldt så klarar eg ikkje å sitje for lenge heller. Og no er eg sjukemeldt på andre veka, og byrjar verte dritt lei. Eg kan jo ikkje gjera ein drit…. Ikkje kan eg på slalom ein gong, mann og ungar reiser i bakken og her sit eg. Rett og slett er mesunnelig og kjedar meg. For når eg ikkje kan, så har eg iallefall lyst….ÅÅÅ eg e so lei.

Ha ein fin laurdags kveld….med ol og alt.

torsdag 4. februar 2010

Vottar i da uendelege…..

 

IMG_4788

Eit lite fenomen…..berre sol i Hodlekve…….Stort hol i skylaget kankje? Ingen andre plassar var det sol. Men men nok om det.

 

 

 

 IMG_4789 IMG_4790 No har eg strikka det sista paret i bestillinga mi. Glad eg endeleg er ferdig. No kan eg fortsetja å strikka utan at det ligg eit press på meg. Kjekkare å strikka når ein ikkje “må”. Desse er og strikka i pt5 sport slik som dei andre. Mønsteret har eg henta frå ei bok eg lånte på biblioteket. Trur ho heiter berre “Vottar”, trur eg……

IMG_4813

Her har eg fått premien min av Bea, etter at eg vann loddtrekkinga hjå ho. Eit nøste raggi frå Jærbogarn og 5 grøne knappar. Garnet har eg aldri prøvd, men me har det på Sy og strikkebui.

Tusen takk, Bea.

 

 

Kva er det med dett wollmeise garnet? Er det ikkje råd å få tak i det, utan at du møter personleg opp i butikken deira i Tyskland? Alt på nettet er utsolgt. Eg er stadig innom og sjekkar status…..alltid forseint ute…..Eg har lyst på nokre hesper i friske fargar….kanskje det vert min tur ein gong og.

I kveld er det klubb kveld og eg gledar meg!