Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

onsdag 30. september 2009

Det snør det snør tiddelibom…….30 september

IMG_4145

Denne værhanen står inne på altanen og blomstrar så fint. Utanfor (under) så snøar det.

 IMG_4146

   IMG_4143  IMG_4149

På 5 minutt så forandra det seg frå ingen snø til snøkvitt. Jippi seier ungane, no er det ikkje lenge til før me kan på ski i Hodlekve. Å nei tenkjer mora som skal ut å køyra bil i morgontidleg kl.07 og så på sommar dekk. 2 grader ute no, men kva med i morgontidleg??????? Trur de eg gledar meg NEI!

 

DENNE VINTEREN KJEM ALT FOR TIDLEG……

tirsdag 29. september 2009

Snøbarna

IMG_4135

Sydde meg ein ny strikketøypose ein dag det var ruskever………..den eine dagen det var………ha,ha,ha,ha eine dagen.

Måtte jo ha ein ny til nytt strikketøy. Det nærmar seg jul med stormskritt, så det er berre å strikka.

IMG_4134

Litt strikking og så vart dei ferdige, i morgon skal dei på utstilling i butikken som eg jobbar litt i.IMG_4138IMG_4136

søndag 27. september 2009

Dysleksihelg i Innvik.

Denne helga har eg, Jarle og Johannes vore i Innvik på dysleksi kurs. Utuleg spennande har det vore. Lært kjempe masse.

September09 125September09 144

På laurdags ettermiddag hadde me meldt oss på tur. Ein lett tur på ca 0,5 time ein veg. Fyrst skulle me opp i ei grotta. Guiden fann den ikkje, måtte rota rundt i skogen ei stund. Viste seg i ettertid at han hadde ikkje vore der på 20 år.

September09 150 Ganske ustø på handa foto grafen her.

September09 165September09 169

Etter grotta skulle me til ein foss, og den kunne me gå under.

Me har hatt ei kjempe fin helg i Innvik denne helga.

lørdag 19. september 2009

Hemmelg venn

IMG_4071

I dag fekk eg endeleg HV pakke i posten. 4 nøster regia garn og ein sjokolade. Sjokoladen er på god veg ned i magen.  Tusen takk for pakken som eg trur eg veit kven er i frå….

tirsdag 15. september 2009

Ein liten tur for ryggen……

  IMG_4038

Utruleg flott ver i dag. Men kva skal i gjera når ein har vondt i ryggen? Sitja i ro i ein stol, det hjelper i allefall ikkje. Så då var det berre å ta på seg skodna, og ut å gå. Ryggen kjente eg ikkje medan eg var på tur. Men eg har kjent den etter på, i tillegg til at eg no er heilt gåen i føtna…….men det går vel fortare over.

 IMG_4040 IMG_4042

Flotte fargar var det i fjellet. Blåbærlyngen var nokre stader heilt raud.

IMG_4043 IMG_4047 

Medan eg gjekk vart det fleire og fleire skyer på himmelen. Og mørkare vart dei. Så no regnar det ute.

Godt eg tok den turen…..sjølv om ryggen ikkje er så mykje betre…

mandag 14. september 2009

Vesten ferdig

IMG_4023 IMG_4025

Ein bursdagspressang ferdig, eigentleg var det ein julapressang. Men jenta som skal få den har bursdag i oktober, så då kan ho heller få den då. Her er det Hallvard som er modell.

IMG_3925 IMG_3926 IMG_3927

Her er helga arbeidet til mannen i huset og eldste guten. Mannen støyper og guten blandar. Kva skulle han gjort uten Johannes??????? måtte gjort det aleina……

 IMG_4016Søndag var det fotballturnering. Siste kampen stod Hallvard i mål. 4 vinn og 1 tap. Dei var utruleg flinke.

mandag 7. september 2009

Huset og hagen

DSC00004 DSC00003

Her har eg leika meg litt med mobilen.

Ein liten tur ut i regnet.

DSC00030 DSC00029

Me hadde oss ein liten tur ut, måtte lufta vetet. Då me gjekk ut var det opplett, men regnet kom på oss kan de tru. Det er ikkje fritt………..liten fare for at det skal tørka ut. No har me sete i sofan og ete havregraut og drukke kakao, og sett på jakten på kjærligheten.

lørdag 5. september 2009

Nattevakt og kjøttkaker

Nattevaktshelg og greier, då pleier eg ikkje vera så aktiv. Kroppen er så tung, tykjer eg når eg jobbar på natta. Men i dag var ikkje den det, ikkje kunne den vera det heller. For eg hadde funne det som var av kjøttdeig i frysen, for no skulle det lagast kjøttkaker. 5.5 kg kjøttdeig var det. Veit ikkje heilt kor mange kjøttkaker det vart, nokre middagar vart det no. Middagen til i morgon er klar, berre til å varme den opp. Når eg er vaken.

Gutane i huset har bore ved inn i vedhuset i dag. Masse fin bjørkeved, så me skal no ikkje frysa til vinteren. Det har no vore so kald og surt dei siste vekene, så me har no allerede fyrt i ovnen og gud kor god varme det vert i huset…….og så koseleg.

No sit eg her og ventar på at deigen til pizzaen skal heva seg. Så då vert det kos i kveld og……..og så på natt att. Og søv gamlingane lika godt i natt, så vert det litt strikking……..

DSCF3167Så ha ei flott helg alle saman!!

Eg må sova når det endeleg er litt bra ver.