Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

lørdag 28. februar 2009

Nrk Look a like lue



No har eg strikka med Nrk lue eg og. Den vart strikka i Freestyle frå Dalegarn på pinne nr 4. Eg hadde ikkje 4,5 som eg egentlig burde hatt, men neste lue vert strikka i 4,5. Det går med litt over tre nøster. Mønsteret har eg lånt fråhttp://lillerosinquilt.blogspot.com/2009/02/look-like-lua-fra-vm-i-alpin-2009-det.html Kjekt med slike som deler mønster med seg. Tusen takk Lillerosin.

Ut med siste rest av jula.......


No er det siste rest av jula som skal ut av sota og opp på loftet. Må byrja å rydda plass til konfirmasjonen i mai.
Desse nissane strikka eg kleda til for eit par år sidan. Det har vorte nokre nissefamiliar som dette i forskjellige fargar som julepresang til diverse familiemedlemmar. Dessesom sit på bilde her dei er mine.....dei forsvinn ikkje ut av huset.

torsdag 26. februar 2009

Panneband



No er det panneband som er inn. Dette er strikka på pinnenr 4,5 og i Ragg-strømpegarn fra Hjertegarn. Utruleg mjukt og godt.

Utruleg herleg

Her har dei byrja blåsa opp Lerum flaska, som skal stå i Hodlekve no under Fjellsport festivalen.Det er ikkje lett når ein stor ballong skal stå rett opp og ned i snøen. Det er ikkje berre, berre når den skal reisast. Men med litt hjelp så går det.
Det må og gode fester til slik at det ikkje kjem ei stor lerum solbærsirup flaske flygandes. Det hadde vore noko da.
Endeleg fekk lerum reisning :) Jammen godt at dei fekk den opp. Dette er god reklame for Lerum.
Her er gamlo på ski og. Måtte ha meg ein tur ut i fina veret før eg skal på seinvakt å sjå etter gamlingane mine.


Her er det gutane mine som skrir i frå meg, men det er vel ikkje så rart sidan eg er oppteken med å ta bilder..... men eg tek dei att etterkvart......når kamera er på plass i lomma......

mandag 23. februar 2009

Slapp av eg har fri....

Idag er sola her.Gud så godt, no har det vore ei tung helg med regn,snø og arbeid på gamleheimen. Så i dag då eg har fri så skin sola. Heilt herleg!!!!!!Likevel så sit eg her i nattkjolen....resten av huset er tomt for dei er på rek......eg har vet til å ta livet med ro....sit her her og ser ut glaset på at snøen smeltar og renn ned frå taket.

lørdag 21. februar 2009

Utsikt

Det har ikkje vore så fint ver her i dag. Det har snøa og regna omkvarandre. Så me får minnast dei fine dagane me har hatt i vinter. Når det er slik så er den finaste måten å bruka dei på er å vera på nedoverski.
Her er litt av utsikten frå skitrekket. Midt på bildet, i lysninga der bur eg. Nesten den finaste plassen på jord. Nest etter Hardanger.

Grand Prix og nye prosjekt.

No sit eg her og kosar meg med levande lys og med Grand Prix. Og jammen trur eg ikkje at Alexander Rybak vinner, fekk rett i tippinga mi. Eg bur no i same bygda som Tone Damli Åberge kjem frå, det hadde vore kjekt om ho hadde vunnet. Men Rybak var best.



Samtidig har eg byrja på nye prosjekt innan strikking. At eg aldri lærer, byrjar stadig på noko nytt, sjølv om eg har uferdige ting liggande i skuffer og skap. Denne gingen er det eit Karius sjal med hullmønster i Mirasol, ein vest i Alpakka og sokkar i Fortissima og Regia. Lurar på kortid desse vert ferdige.

fredag 20. februar 2009

Symaskina

For eit par dagar sidan rydda eg plass på boden til symaskina. For no skulle eg sy den løparen som eg har kjøpt mønster til for fleire år sidan. Eit mønster av AnnaKa. Men då eg hadde fått på plass maskina og dratt fram alle stoffa, så stoppa det opp. Dette med sammen sying av stoffbitar er nok ikkje heilt meg. Eg ser kva som er fint, men har vanskar med å finne ting som passar saman. Men eg har ei løysing på problemet. Mamma kan sy og så kan eg strikka. Så frå no av så held eg meg til strikking og hekling. Og så får mamma ta seg av syinga.
Eg kan kjøpa mønster og stoff, for så å senda det til ho, slik at ho kan sy det til meg. Eg får heller strikka noko til mamma.

Ufoar, kva er det? Eg har vore inne på fleire bloggar, der dei snakkar om ufoar. Eg kunne ikkje forstå kva det var. Men etter å ha lest meir, så trur eg at eg veit kva det er. Det er arbeid som er påbegynt og som aldri eller at det tek iallefall lang tid før det vert ferdig............. Stemmer dette? Hadde vore fint om eg fekk ein kommentar på om eg har forstått det rett....

onsdag 18. februar 2009

Strikka skyggelue



Elste guten ville ha ei strikka lue med skygge på så då var det berre å setja i gang å laga ei. Dette vart den fyste eg laga. Den er strikka i Smart. Oppskrifa er henta frå eit Per Gynt hefte. Denne passa så godt til strikka jakkene mine så då beholdt eg den sjølv.








Den neste eg strikka var i Viking Superwash i turkis med svart mønster. Mønsteret på denne laga eg sjølv.













Minste guten ville og ha ei så den vart i svart med turkis mønster som eg og laga sjølv. Denne er og strikka i Viking Superwash. så ingen av luene er like, sjlv om eg har brukt same oppskrifa på alle tre.







Hekla teppe



Her har eg byrja på eit nytt prosjekt. Eg såg eit hekla teppe i Familien no etter jul, som eg ikkje fekk heilt ut av hovudet.I oppskrifta er det brukt Alpakka garn, men eg har leita fram det eg hadde av babyull i diverse fargar.Teppe skal bestå av 24 ruterpå ca 19 cm. Så teppert vert nok ca. 90X130, for det skal vera ein hekla kant rundt og. Her nokre av ruten som eg har hekla ferdig. Det vert vanskeleg å laga 24 forskjellige lappar men det går vel det og.

Ny bloggside

Heisann no sit eg her og lagar meg ein ny blogg. Den andre tykte eg var vanskeleg å administrera, når eg ikkje er heilt inne i denne dataverden. Eg kan ikkje berre sitja å masa på jentungen heller kvar gong eg balar.