Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

lørdag 8. november 2014

Snøen er komen og då trengs det vottar…..

mobil bilder sommar haust 2014 2157I projo sin votte og sokke along så var det ugler som var tema i oktober. Eg valgte Horatio and oren, då eg hadde sett på desse før. Dei sto vel eigentleg på strikkelista… og den er lang Smile Desse er strikka i cascade 220. Passar mi vetle hand heilt perfekt.

mobil bilder sommar haust 2014 2415Nokon ymta frampå om at dei vottane dei fekk i fjord var for små. Kva anna kan ein gjera då, enn å strikka nye og større. Desse er Puddelvottane til Jorid Linvik. Strikka i pt2 og finull.

mobil bilder sommar haust 2014 2453mobil bilder sommar haust 2014 2459Dette året har eg slete med plantar facit og har vondt under beina, slik at det har vorte veldig lite fjellturar på meg. Alle dei turarane eg hadde tenkt å gå i sommar dei gjekk rett i vasken. Endå så er eg ikkje god i beina, men eg klarar å gå nokre korte turar. Går eg litt for langt så verker eg i føtna etter på. Trass smerter så har eg hatt meg ein liten tur på Kollsetevatnet for å kjenne på snøen Smile Gledar meg til eg kan ta skia i bruk.

mobil bilder sommar haust 2014 2461mobil bilder sommar haust 2014 2472

mobil bilder sommar haust 2014 2474Sidan det vert lite turgåing så vert det ein del strikketid. Her er soria moria votten frå mysterie strikkinga tidlegare i haust. Mønsteret finn ein i “votter fra eventyrskogen”. Desse er strikka i pt2.

mobil bilder sommar haust 2014 2478Bella vottar for endte gong. Veit ikkje kor mange det er vorte. Desse er strikka i drops nepal. Godt garn å strikke med.

mobil bilder sommar haust 2014 2494Månelyst ein kveld eg var på tur. Her eg bur er det ingen gatelys, så her er det hovudlykt så må til skal ein gå om ettermiddagen.