Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

mandag 22. oktober 2012

Vottar til ei på 9...

Blogging tek tid... Vottane har lagt ferdig ei stund. Men no er dei no her. Tanteungen har valgt mønster, mora har valgt farge og tanta strikkar.
Mønster: pt design nr82
Garn: pt5 sport
Pinnar: 3 og 3.5 mm
Storleik: 10-12 år

fredag 12. oktober 2012

Tylderingen badar i snø og sol.

Dagens tur gjekk nok ein gong på Tylderingen, den fjerde sidan august. Idag er det kjempe fin ver, så det mååte berre nytast før eg tek til med nattevaktshelga mi. No bygjar formen å bli betre, sjølv om eg tykte det var tungt i dag. Men likevel så bukte eg mindre tid enn sist😃 God helg til alle som kikkar innom. Ps skjønar ikkje heilt kvifor ikkje bileta kjem i den rekkefylgje som eg la dei inn i, men drit og nyt bilda likevel de. For da gjere eg...

tirsdag 9. oktober 2012

Hjertevottar

Hjerte vottar i lilla og svart til ein tanteunge, der mora har valgt fargar og jentungen har valgt mønster og tante strikkar :) Godt samarbeid må eg sei. Desse vottane er henta frå pt design nr. 82. Eit hefte med mange vottar, huer og labbar.
Til sist eit lite bilde av dagens tur i sol.

lørdag 6. oktober 2012

Kjørepose til ein februarbaby:)

Med mariusboka i heimen så vart fristelsen. Eg måtte berre strikka ein kjørepose til babyen som kjem neste år. Trur den ungen vert nedlessa i ullkle frå tanta:) jaja ungen skal no ikkje frysa da d greit!
Kjøreposen er strikka i Lima frå lageret. Garnet skulle eigentleg vorte tunika til meg, men no er det vorte både ein vest og ein kjørepose av det. Godt nytta.... Eg hadde sikkert ikkje bruk for den tunikaen:) men da kjem vel sikkert nye fristelsar.