Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

torsdag 22. juli 2010

lindastrikkerier

IMG_6086

No kan eg endeleg setja namnet mitt på da eg strikkar.

Baby sett.

 IMG_6081

Dei siste dagane har eg berre sete inne å strikka. Har rett og slett ikkje gidda gått ut i da forferdelega regnveret me har hatt her. Så sidan eg har vore inne og strikka masse så har eg fått gjort ferdig ein del av prosjekta eg har hatt liggande. Dette settet mangla berre ei ferdig bukse. Resten var ferdig vaska og tørka, berre venta på buksa. Dette skal søskenbarnet mitt få til jenta dei ventar i august. For to år sidan strikka eg kvitt hentesett og blått teppe, men denne gongen vart hente settet rosa og kvitt. Eller eg kan vel ikkje kalle det eit hentesett heller for det er strikka i 6-9 mnd. For det kan no vere kjekt å ha noko som er litt større og.

IMG_6085

  Mønster: Dale baby 226.

Garn: Dale babyull.

Pinner: 2.5 mm

Størrelse: 6-9 mnd.

 

  IMG_6083

tirsdag 20. juli 2010

Vognteppe

 

IMG_6077

Har hekla eit lite teppe. Trudde eigentleg at det vart større. Men neidå, det er vel tenkt som eit vognteppe. Sjølvsagt kunne eg hekla fleire ruter, men då får ein ikkje same fargen på alle hjørnene. Er opptatt av symetri………trur eg. I oppskrifta står det at størrelsen er 62X86 cm, og så skal det syast saman som på bildet og då vert slik som dette på bilde over. I tillegg så løyver eg eit nøste av kvar farge. Kunne sjølvsagt ha hekla fleire men då vert det ikkje likt. Denne gongen vert det slik, men heklar eg fleire så vert det hekla fleire ruter slik at teppet vert større.

IMG_6078

Mønster: Mitt første år frå Sandnes.

Garn: Sandnes alpakka.

Heklekrok: 3,5 mm

 

IMG_6079

No nyt eg ferien min i regnveret. Får god tid til å gjere ferdig nokre av prosjekta eg har liggande. Før eg kanskje byrjar på nye……???

mandag 19. juli 2010

Shetland Triangle sjal

IMG_6073

Mitt fyrste Shetland Triangle sjal. Enkelt mønster å strikke som sit i hovudet ganske raskt. I dag har eg hengt sjalet på ein av tanteungane mine. Ho takka til og med for å vere modell. Og i same slengen so seier ho “du tante strikkar masse”. Ja ja det er vel det ho ser når dei er her. Set eg meg ned så strikkar eg og. Kvifor skal eg sitja og ikkje gjera noko :)

 IMG_6074 IMG_6075

Mønster: Shetland Trangle av Evelyn Clark får du kjøpt her

Garn: Frå Saffron dyework

Pinner: 4 mm

fredag 16. juli 2010

Ei lue midt på sommaren…..

 

 IMG_6048 IMG_6050 Her sit eg og kosar meg med strikketøyet. Strikka ferdig ei lue som skal til Danmark.

Mønster: Rose red av Ysolda

Garn: Alpha frå Europris.

Pinner: 4 mm trur eg.

Når eg sit her og kosar meg kan eg sjå på fiskane som leikar seg i dammen.

IMG_6055

I dag har eg hatt besøk av Bea som har bloggen Strikkepinner og andre pinner. Me har kost oss ute på altanen og så har me gått gjennom store delar av garnlageret mitt. Kjempe kjekt å møte ei av dei som ein treff her inne i bloggverden. Håpar me treffast atte.

No er det helg og 4 veker sommarferie. Skal kosa meg. Kansje gjera ferdig noko av det eg har liggande rundt i huset.

torsdag 8. juli 2010

Litt blomstrar.

 IMG_6026No har eg venta sikkert ei veke på at vannlilja skal sprette. Og i dag skjedde det. Heilt open er ho ikkje men det nærmar seg no. Har og oppdaga ein knopp til som er på veg opp til overflata. 

IMG_6027  Blåvalmuesøster og iris.

 

 

IMG_6035 IMG_6033

Tom Tom heiter denne rosa her. Fyrste rosene mine. Skal tru om dei overlever vinteren?

IMG_6034

The Pilgrim heiter denne gule og den luktar godt.

fredag 2. juli 2010

Ein slapp dag i varmen……

IMG_5993 IMG_5994

Her sit det ein liten luring, som jaktar på fisken. Dårleg med fiskelukka….heldigvis. Bra gullfiskane og koien er so vare for bevegelse rundt dammen.

 

IMG_5988  IMG_5985

I dag har det vore ein ganske slapp dag i varmen. Berre kost meg og slappa av. Er ikkje god til å gjera noko når det er så varmt heller. Er ikkje bygd for slik varme……Har sete i hagejynga mi og nyter utsikten og strikka litt, når det ikkje vert for klamt mellom strikkepinnane.

  IMG_6008

Her leikar Hallvard seg med katten som me har fått oss. Pappa seier den vert ein skikkeleg jakt katt. I vinter/vår har det vore mykje mus oppi bakken over huset her og det likar eg ikkje. Så då måtte me få oss ein jakt katt. God på mus…….flink er har for han har allerede fanga si fyrste.

 

 IMG_6010Herleg duft av Verbenaen.

Ha ein fin helg.