Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 30. august 2013

Eggje ca 1100 moh.

august 2013 102
Sidan eg ikkje hadde gått nok på fredagen, så tok eg ein tur på søndagen og. Då gjekk starten frå Reisæter og opp lie til Eggje. Målet ligg heilt på toppen til høgre i bildet, mellom grantrea.
august 2013 106
Langt og bratt er det som beskriv denne stien/turen.
august 2013 105august 2013 108
Stien vert restaurert av sherparar. Så det var reine motorveien å gå på der dei hadde lagt stein. Ikkje vanskeleg å gå feil her. Mamma og tanteungen Elin Karin vart og med på tur. Dei snudde etter å ha gått halve turen.
august 2013 109august 2013 111
Ein fin tur om ein ikkje går heilt på toppen og. Flott utsikt.
august 2013 114
Her er eg komen opp på nederste kvilingehaug. noko som seier at ein kan kvila litt Smile  Stien flata i allefall ut.
august 2013 116august 2013 117
Sherparane har gjort eit flott arbeid med stien. Den delen som er ferdig.
august 2013 125august 2013 129
Med litt soom på kameraet så kan ein sjå heilt ned att til Reisæter. Då eg var komt nesten opp såg eg dette merket på ein stein, pilgrimsmerket. Trur dette er ein del av pilgrimstien mellom Røldal og Bergen.
august 2013 145
Fint med sjølvutløysar på kameraet når ein er på tur aleina. Toppen er nådd og ein har flott utsikt over Sørfjorden.
august 2013 138august 2013 140
Her ser ein Revavatnet. Mange år sidan eg såg det sist, sikkert over 30 år. Då gjekk eg opp her med pappa, trur eg var 7 år. Men me fortsette over fjellet og ned til Bottsvatnet i Krossdalen på Jondalsida.
august 2013 152
Det er vorte ettermiddag og eg er på veg ned att. Dette er den slakkaste delen av turen, nederste kvilingehaug.
august 2013 156august 2013 161
Sola gjekk ned i lag med meg Smile

torsdag 29. august 2013

Oksen 1241 moh.

august 2013 014
På fredag sette eg meg i bilen og køyrde til hardanger, nærmare bestemt Tjoflot. Målet for dagen var Oksen 1241 moh. Fyrste del av turen gjekk på ein gammal traktorveg før stien gjekk over på barnåler i ein granskog. Bratt og tungt til tider. Til eg kom opp på stølen Vindhovden. Der kom eg over tregrensa og eg såg fjorarmar i alle retningar.
august 2013 021august 2013 027august 2013 028
Frå stølen gjekk eg på fin sti i jamn stigning. Heilt til det gjekk omtrent rett opp. Bratt som berre det, men opp skulle eg, samma kor tungt det var.
august 2013 036
Utruleg kor annleis ting ser ut når ein kjem opp i høgda. Midt i bildet ligg Utne, til venstre går Sørfjorden heilt inn til Odda og til høgre er samlafjorden.
august 2013 060
Endeleg på toppen.  Sørfjorden i bakgrunnen.
august 2013 068
På toppen ser ein og ned til Hardangerbrua. Då eg skulle ta bilde av den opp daga eg ein liten flokk reinsdyr. Trur aldri eg har vore så nærme reinsdyr før.
august 2013 077august 2013 082august 2013 087
Inn over her går Sørfjorden….hadde det vore heilt klart, hadde eg sett heilt inn til Odda.
august 2013 093
Her har eg starta ned turen att og er i det brattaste……uren luren himmelturen, steinrøys, steinrøys, svelt i hel….. Langt der nede ligg Kvandal.
august 2013 095august 2013 101
Oppe på den toppen midt på begge bildene var eg….. Langt og bratt.. Men ein fin tur heilt aleina. Hunden måtte vera heima i sogn denne gongen. Då han halta litt. I går halta han endå meir, så me tok eit besøk hjå dyrlegen. Viste seg at han hadde fått betennelse etter 2 svære flått. Flått er skikkeleg ekle dyr. I dag er han betre, men må gå på pencilin i 10 dagar.

fredag 2. august 2013

Flatbrehytta 994 moh.

juli 2013 040

I dag gjekk turen til Flatbrehytta i Fjærland. Eg har gått turar på 3.5 timar på det meste, men då har eg enda heima att. Men denne gongen skulle eg gå så mange timar berre ein veg. Det står 2.5 til 3 timar opp i opptur boka. Eg brukte nesten 4 timar. Ned att brukte eg 2 timar, nett slik som det stod i boka at eg skulle bruka.

Turen startar på 23 moh og endar på 994 moh. Så det seier seg sjølv at det berre er opp over bakkar. Nokre tyngre enn andre. Store delar av turen går inni dalen og i skog. Ein skal ganske høgt opp før ein får litt meir å sjå.

juli 2013 041

Langt der nede ser ein Fjærland.

juli 2013 043

Gjett om eg var glad då eg såg denne hytta. For eg trudde eg skulle endå lenger opp, men tilfeldigvis snudde eg meg til venstre og såg hytta. Trur det er lengesidan eg har vorte så glad for å sjå målet.

juli 2013 047juli 2013 045juli 2013 048

Flott utsikt.

juli 2013 050juli 2013 052

Kjekt med sjølvutløysar på fotoapparatet, når ein er aleina på tur. Denne gongen og utan hunden. Han var nok ikkje blid på meg, då eg tok på meg turkle og ikkje fekk vera med. I dag har han kneka på meg heile dagen, sikkert redd for at eg skal gå nokon stad utan han Smile Men i dag har eg ikkje tenkt meg så lang. Litt små stiv i beina og ei nattevakthelg som startar om ein time.

juli 2013 054juli 2013 055juli 2013 056juli 2013 057juli 2013 061

På veg ned att, ein liten pause for å kvila slitne bein. Ein flott tur som kan gåast fleire gongar. kanskje eg då må ta med meg nokon Smile