Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

onsdag 29. september 2010

Djevel luer i fleire variantar

IMG_7188 IMG_7186

Har strikka nokre babyluer, innimellom andre litt større prosjekt. Som endå ikkje er ferdige. Kjekt med litt småstrikk, som vert fort ferdig, men ikkje så fort fotografert og blogga.

Garn: Alpakka frå Drops

Pinner: 2.5 og 3 mm.

Mønster: Diverse oppskrifter.

Storleik: ca 6 mnd

 

IMG_7187Nokon so ser ein liten feil her???? Eg oppdaga den ikkje før eg la bildet inn på bloggen.

søndag 26. september 2010

Nuken ein liten søndagsettermiddag.

  IMG_7145

Vart ein liten tur att i dag. Fekk og med meg gutungane. Ikkje lika blide heile vegen, men stortsett bra.

 

IMG_7143IMG_7185

IMG_7160 IMG_7162

Som seg hør og bør så måtte ein skriva navnet sitt i turboka. Viktig å dokumentera at me har vore der.

  IMG_7169 IMG_7171 

 IMG_7177

Her går Widerø inn for landing på Hukåsen

 IMG_7181 Toppen midt i bildet er Nuken.

 

tirsdag 21. september 2010

Molden 1118 m.o.h

  IMG_7094    På toppen smilande og blide etter ein tung tur opp til toppen. Tyngre for meg ho som var med meg. Men eg kjem meg opp til slutt eg og, om det er no tungt. Jern vilje av stål :)

IMG_7107IMG_7108

Me måtte litt ut på kanten for å sjå ned til Gaupne. Så her ser de Gaupne i bakgrunnen.

  IMG_7122  IMG_7120

Her står turvenninda mi Helga, på kanten. Og i bakgrunnen ser de Urnes. Det vetle neset nede i fjorden.

 

IMG_7118IMG_7119

Innover Lustra fjorden, langt der inne ligg Skjolden. Utover så svingar fjorden forbi Urnes.

 IMG_7076 Sykkelkarusell med gutungane har eg og vore på i kveld. Og strikkekaffe på jobben. Så sjølv om eg er litt stiv så er det berre godt. Etter ein slik fin dag.

Ha ei fin veke alle saman som kikkar innom her.

mandag 20. september 2010

Tjukke labbar….

IMG_7056

Eit lite par med tjukkelabbar. Kjekt å ha no når hausten er her og det nærmar seg vinter. Desse vert ein del av ei julegåve. Det er ikkje ofte eg strikkar labbar, for eg tykjer det er så kjedeleg. Men innimellom gjer eg det og spesielt til slike som ikkje har nokon som strikkar til seg.

Mønster: etter hovudet.

Garn: Fabel

Storleik: 38 ?

onsdag 15. september 2010

Gråtass..

IMG_7049 IMG_7050

No har eg strikka min tredje gråtassgensar. Denne gong til ei jente. Desse skal sendast til Os utan for Bergen. Ungane til mine to søskenbarn der, skal ha desse. Håpar at dei passar. Den i rosa er strikka no, medan den blå vart strikka for 2 –3 år sidan og har vore brukt av ein tantegut. No var den for liten så då får ein annan gut bruke den.

Mønster: Gråtass frå Sandnes

Garn: Falk

Pinner: 2,5 og 3,5 mm.

Storleik: 4 år.

 

Innvik og Olden

IMG_7028IMG_7029

I dag har eg hatt meg ein liten køyretur. Målet var Skogstad i Innvik, men sidan eg ikkje fekk tak i jakke til eldste guten der så vart det ein liten svipptur til Olden og. Der fekk eg tak i jakke til han, så då var og turen inn tjent att. Greit når ein rett og slett sparar ein del peng på å reise å kjøpe klede der. Litt til full pris vart det og. Så no er ein del av julepakkane komt i hus…..og godt er det.

 

  IMG_7033 

 IMG_7037Våtedalen

 IMG_7039 

IMG_7044

Her ser ein Selseng og litt av dalavatnet. Og då er det ikkje langt heim att.

lørdag 11. september 2010

Vinnaren er………

No har eg foretatt ei høgtidleg trekking av give awayen min.

Bentes Hobbyrom vart vinnaren av ei hespe med wollmeise garn.

MayM smykkeblogg får ein liten trøystepremie.

Takk til alle som har vore innom og lagt att ein liten kommentar, betre lukke neste gong.

Til vinnarane: send meg adressene dekans.

Ha ei fin  helg i regnet.

fredag 10. september 2010

Sjal med havskum mønster…

DSC00139

Nytt sjal er tatt av pinnane. Denne gongen er det ein variant av rillestrikk og havskum mønster. Her måtte det takast bilde med ein gong, så det er ikkje blokka. Likar godt desse fargane.

Mønster: mitt eige

Garn: 100 gr mini palett frå Sandnes

Pinner: 3.5 mm.

Hugs i morgon trekker er vinnarar av Give Awayen min.

 

onsdag 8. september 2010

Babysokkar

DSC00138

Eg har strikka eit lite sokka par atte. Brukt same oppskrift som tidlegare.

Mønster: Rauma baby hefte nr ?

Garn: Sisu frå Sandnes

Pinner: 3 mm.

Storleik: 1,5 år?

 DSC00136

  Desse sokkane er strikka etter same storleiken, det minsta er strikka i babyull og pinne 2,5 og det størsta er strikka i sisu og pinne3.

DSC00047

Sjå denne fine rosa. Rosa er den ikkje slik det ser ut på bilde, men den er lilla og heiter Lilla Wonder. Den luktar kjempe godt.

I dag har eg hatt besøk att av Bea atte. Kjempe kjekt med strikkebesøk og me har strikka og prata masse. Takk for besøket.

tirsdag 7. september 2010

Slete meg opp på Storehogen.

 

DSC00077

Midt i bildet langt der borte ligg Farmen, hugsar ikkje kva år det var Farmen der. Neste gong eg tek meg ein liten tur så vert det å gå til Farmen.

 DSC00078   

Måtte ta eit lite bilde av meg sjølv før alle bakkane og svingane tok heilt knekken på meg.

DSC00102 DSC00116

Må sei at vegen var bratt og svingete, såg aldri slutten. Siste metrane til toppen då hadde eg store problem, men slik er det vel når ein har ein kondis lik 0. Ein ting er å gå opp, men tenk kor tungt det er å gå ned att dei bratte bakkane.

DSC00118   DSC00124 

Målet vart nådd, antennetårnet på Storehogen. 2 t og 40 m bukte eg opp. Ned att brukte eg 1t 15m. No delvis ligg eg på sofan og syns eg har vore flink, men gud kor ilt eg har i beina. Vert nok ei stund før det vert slike heisaturar. Kunne nok ha gått ein litt kortare og lettare tur. Men slik er det når ein trur at ein er sprekare enn ein e.

DSC00119

Hugs give awayen min i innlegget under.

fredag 3. september 2010

Gi bort……

Oj no hadde teljaren min runda 10 000 besøkande. Og i den samanheng hadde eg tenkt å gi bort noko wollmeise garn. Om det vert ein eller to premiar det har eg ikkje teke stilling til.

Reglane er slik dei er i andre give aways 1 lodd dersom du legg inn ein kommentar, 2 lodd dersom du vert følgar og, og 3 lodd dersom du linkar meg i bloggen din.

Mars09 013

Ha ei fin helg allesaman og kos deko. Eg har nattevakter heile helga så det går i soving og jobbing.