Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

tirsdag 23. november 2010

Lite tid til blogging, men litt strikk likevel…

Det går i diverse julegåve strikking for tida og då vert det lite innlegg, merkar eg. Har nesten ikkje tid innom alle deko andre heller. Kanskje berre innom for å sjå om de har lagt ut noko nytt, men lite tid til å kommentera. Men kjem sterkare tilbake håpar eg.
IMG_7677Fruen i huset har strikka ei lue frå arne & carlos sitt luehefte. Vart visst ein litt baggy variant dette. Hadde nemleg lest ein plasse at luene var litt trange, så eg strikka litt lausare enn normalt og brukte litt tjukkare pinnar for eg hadde ikkje den storleiken som stod i mønsteret. Og resultatet vart ei litt stor lue. Men, men ein kan ikkje vere like alle……
IMG_7678
Har og strikka eit sjal. Må ha noko enkelt til tv sjåing eller vente strikking. Så då vart det eit sjal med havskum mønster.
Mønster: Min eigen variant av Multnomah.
Garn: Mini Palett frå Sandnes.
Pinnar: 3.5 mm.
IMG_7681
Pusen i huset.

IMG_7685
Ein liten istapp som smeltar i sola.
Ha ei fin veke fram til 1. søndag i advendt.

tirsdag 9. november 2010

Ein tur Florø

 

IMG_7516

Tidleg tirsdagmorgon, ja ja tidleg og tidleg halv 9 så køyrte eg heiman frå. På Selseng såg det slik ut så tidleg.

IMG_7525

Målet mitt for ture var denne dama her. Ei kjekk dame eg har møtt her inne i bloggverden.

IMG_7538

Etter ein liten tur på den lokale strikkebutikken, så var det dette som møtte oss då me køyrde opp att til leilegheita hennar. Parkerte bilen og sprang ned att i vegen for å ta bilde av solnedgangen. Herleg…..

 

IMG_7545Flott måne?

IMG_7547

På veg heim att i kveld, så måtte eg berre stoppa å ta bilder.

IMG_7548

Utruleg kor flotte fargar det er på himmelen. Slik får me ikkje her i innlandet.

søndag 7. november 2010

Tøflar

IMG_7511IMG_7512

Mønster: Navia 51, frå Permin

Garn: Navia Trio

Pinner: 3.5 mm og heklenål 3 mm.

Heilt greit å strikke, men eg synst dei vart litt breie. Men dei er gode og varme.

Her har me hatt ein late søndag. Johannes har laga pitapizza til middag og no held han på med eplekake. Gledar meg til den vert ferdig. Nam nam ha ein fin søndag alle saman.

Blånissevottar.

IMG_7509IMG_7510

Ja no nærmar det seg jul med stormskritt. Og i år er blå nissane som gjeld.

Så eg har strikka eit par, kven som skal få dei er ukjent. Ikkje likeenkelt å få dei heilt like. Den eine votten er meir tova enn den andre. Men litt sliting og draing så vert dei tilnærma like……nesten iallefall.