Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

onsdag 29. juli 2009

På tur

 

Her har eg vore på tur med gutungane. Eine turen var med minste gute, då var me fram på Dalavatnet å fiska. Eller rettare sagt han fiska og eg hekla. Så veldig aktiv var han vel kansje ikkje. Ser rimeleg avslappa ut der han sit.

Andre turen den  hadde eg med eldste guten. Me gjekk til fjells. Nærmare sagt Halsavatnet og hedlebruddet. Ved hedlebruddet kan ein sjå korleis dei budde om sommaren. Då var dei der heile sommaren og tok ut heller som dei drog ned att til bygda om vinteren. Fytti katta for eit arbeid dei har hatt. Det er litt spennade å sjå korleis dei hadde det.

mandag 20. juli 2009

Litt ferie.

Juli09 088 Jaja so har det vore ferietid. Og me har hatt oss ein tur heim til ho mor og han far. Her køyrer me i land på Utne, 20 min til så er me framme.

Juli09 093Her er utsikta frå altanen hjå mamma, ser nesten heim te bestemor. Himmelen var så rosa og fin. Måtte berre ta bilder av den.

 Juli09 096Ein tur på folgefonna vart det og i sola. Slalomskia kan ikkje kvila heile sommaren.

 Juli09 107 Juli09 110På vegen ned att frå fonna måtte me stoppa å ta bilder, med fonna i bakgrunnen.

 Juli09 121 Og så var det rett til sjøen for å bada. Her er det Hallvard som kosar seg.

    Først på ski og så på bading, same dagen…….jammen er det flott……..

Ha framleis ein flott sommar…..med sol og regn..

onsdag 1. juli 2009

Litt sommarferie

Ja ja no er snart 1,5 veke av ferien gått. Og kva har eg gjordt? Feirt jonsok på Stord på ein leikeplass på Almås.Juni09 165 Juni09 168 Der var me i lag med tanta til jentungen. Me hadde nokre kjempe kjekke dagar der med dei.

Juni09 014 Ferie er ikkje det sama utan regn og regnbogen. Tru kva ein kan ønska seg …….?

Juni09 197 Heima så spirer og gror det som berre da. Mykje grønt endå men det vert nok litt farge seinare i sommar, når det blomstrar. Nesten slik at ein ikkje kan reisa vekk, for då går ein glipp at den frodige blomstringa. Men det er nok litt blomstrar att når ein kjem heim att.

Det går litt tregt her i bloggen for tida. Men det tek vel seg opp att når ferien nærmar seg slutten.

Så allesaman ha ein fin sommar…….