Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 24. april 2009

Liten vest til jul

IMG_2011 IMG_2012

Strikka ein liten vest til ei lita jente til jul, så no er julapressang nr 1 ferdig. Denne er strikka i mini alpakka frå gjestal. 

Travle dagar framover…….

Ja ja so var det helg i gjenn. Dei kjem fort desse helgane, men jammen so er dei fort forbi og. No er det berre fjorten dagar til me skal ha konfirmasjon her i huset og eg sit her like rolig. Er vel ikkje like rolig i hovudet.Tusen tankar om kva som skal gjerast, men som eg ikkje gjer noko med fordi det er leeeeenge til endå…… men så er det jo ikkje lenge til. så eg kjem nok til å stressa livet av meg den siste veka

mandag 20. april 2009

Dammen fram frå snøen

April09 059 No skal dammen fram frå snøen samma ka. Tjukk is var det då me hadde spadd vekk snøen. Men det var ikkje mange dagane før isen var vekke……Så no er det berre å venta på at eg skal få ny dampumpe og at temperaturen i vatnet skal stiga litt. Igår var det berre 8 grader i vatnet, litt for kaldt for fiskane.

April09 100 April09 127 Då eg tømt dammen og pottene med vannliljer kom fram att, så spirte dei……. eg som trudde eg måtte kjøpa nye sidan eg ikkje gadd å ta dei inn i haust. utruleg kva som overlever vinteren her i dalen under all snøen.

April09 121 Denne var og på besøk hjå oss denne helga. Eit teikn på at sommaren snart kjem………men fyst må eg overleva konfirmasjonen…………………….

lørdag 18. april 2009

Urettferdig

DSCF1995 DSCF1998 Her har mann og eldste son vore og kost seg i dag, medan EG må sova. Eller i allefall burde sova. Var ikkje lett når den fina sola skein rett inn på sove rommet der det burde vore mørkt…………gud kor urettferdig dette er……men sidan eg ikkje fekk sova så sat eg ute å strikka samtidig som eg tømte dammen for vatn og vaska den, så no er det gjodt. Då er det berre å venta på at det skal bli litt varmare i vatnet så kan gullfiskane sleppast ut.

DSCF1999 DSCF2005

fredag 17. april 2009

Beising

April09 112  April09 109 Her jobbar mor og gutungane med overraskinga til far i huset. Han har vore på lastebilkøyring heile veka. Skal tru kva han seier når me har byrja beisa garasjen. har beisa nesten halve til no. Men no vert det litt stopp i prosjektet for ho skal til på nattevaktshelg jobbing. Så då må det prioriterast soving mellom jobbinga.

April09 108 Denne veggen som eldste guten held på me har han malt nesten heile heilt aleina. Han er kjempe flink til å vera med å hjelpa til ute.

April09 114Det skal bli bra når me vert ferdige rundt garasjen. Fått støypt og lagt heller der det er sand på bildet. For no vert det dratt utruleg masse sand inn i huset. Og eg likar ikkje å vaska……

søndag 12. april 2009

Teppe endeleg ferdig

IMG_1859 IMG_1861

Endeleg er teppet samanhekla og kanten rundt er hekla og alle trådane festa. Da vanskelegaste var eigentleg å setja saman rutene. Tilslutt var eg så lei at eg berre hekla dei saman samma søren. Det vart nokre lange omgangar rundt heila teppet. Men no er det no ferdig, jammen er det godt. No heng det fint på den gamle sofan.

   IMG_1894 IMG_1895

lørdag 11. april 2009

Skryte bilder av dammen

  • minnepenn hagen 030
  • Måtte berre nett legja ut nokre bilder til av dammen min og dens spede begynnesle.Slik som bildet til venstre viser så byrja den ikkje så stor. Ein liten dam med blomstrar i bak kant. Og sidan eg hadde att litt duk så fekk eg no laga ein “liten” bekk og, med ein pitteliten dam på toppen av bekken. Den vert fyllt med frosken som sit og sprutar vatnet oppi til det renn over. Den vart litt liten men drit og. Kansje eg utvidar ein gong.

  • På bildet under til venstre så har eg byrja på bekken. Katten og hunden brukte dammen som vasskål. Fiskane overlevde heile sommaren for katten fekk ikkje tak i dei. Under til høgre så er den ferdig og hunden nyter synet av den.

  • fysteskuledag hallvard 0019 sept 08 001
  • På bildet under så er det den fyrste snøen som kom 8 oktober 08. Dette bildet tok då eg hadde kome heim frå nattevakt.

8 oktober 08 043

torsdag 9. april 2009

9. april 2009

eg er med på feiring

hespetre Har jubileum for innlegg nr 200 i bloggen sin. Eg er med og feirar med ho.

Snøen skal vekk

IMG_1880Her er kjem ein inn på tunet vårt. Har har me hakka vekk masse snø. Men her er berre før bilde og ikkje etter bilde etter at me har hatt litt arbeid med spaden.

IMG_1862IMG_1868

I går var det so masse snø på plattingen. Mellom flaggstanga og plattingen så ligg hagedammen som eg la ut bilder av ein dag før her. På det andre bildet har eg byrja spa vekk snøen, for no vil eg sjå spirer.

IMG_1869IMG_1870

Og spirer fekk eg sjå. Hjerteblomsten hadde ein fin knopp på veg fram mellom blada, ikkje langt frå snøen. Her som denne kjem opp har eg ikkje spadd vekk noko snø. Her er den sjølv smelta.

IMG_1875 Her er nokre andre spirer som eg fann. Dette er liljer. Løken ligg heilt i dagen så det er vel kansje ikkje den kjem seg . Kven veit, tida vil vise.

Nåleputer

IMG_1867 Dette er mitt bidrag til den nye farsotten her i bloggverden.

Har brukt Mndarin petit og heklekrok nr 3.

Dette er bilde av mine nåleputer som eg har laga dei siste kveldane og mellom kakebakinga mi i dag. Så no er to av kakene ferdige til konfirmasjonen. Godt med kva som er gjordt.

onsdag 8. april 2009

Endå fleire penalhus

IMG_1865 IMG_1864

Jaja no er det vist storproduksjon av desse penalhusa i diverse storleikar. Det med spindelvevet er det minsteguten som har bestemt fargar på for det skulle han ha. Det andtre slaø det vera nokre syklistar på men dei kom kom visst ikkje så godt fram. Så på den neste må eg prøve å få syklistane meir synlege. Litt kjekt er det når ei før det til, for det er ikkje ofta eg brukar symaskina……

Hagedammen min

DSC00121 9 sept 08 019 I fjor sommar laga eg meg ein liten hagedam. Du og du for eit arbeid det var med utgravinga. Og når det skal gravast i tung leirjord med ein del stein i. Jaja eg var jo byrja så eg fekk no berre fortsetja. Då eg var ferdig med fyrste del og hadde fyllt vatn i dammen så var tantungane og Hallvard raske med å bada……i da kalda vatnet…….. men det vart no berre med den eine gongen. Sjølv om dei har hatt lyst seinare og………………….Men NO GLEDAR eg meg til all snøen er vekke og dammen kjem fram att. Korleis den ser ut etter vinteren vert spennande og sjå. Og når temperaturen tilseier det så skal gullfiskane ut i dammen etter å ha vore i akvariet i stova no i vinter… eg gledar meg

tirsdag 7. april 2009

Endå eit stooort penalhus

Endå eit stort penalhus som kan brukast til å ha strikketøyet i. Er litt imponert av meg sjølv, uten oppskrift og bruksanvisning. For det er fint lite og lenge mellom kvar gong eg brukar symaskina.

søndag 5. april 2009

Tur palmelaurdag



Sat inne og vurderte om eg skulle ta meg ein liten tur. Tenkte og at det er sikkert fint ver i morgon og så eg kan gå ein tur då. Men heldigvis så tok eg til vetet og gjekk ut. Her ser det huset mitt ca. midt i bildet litt bakom trea. Det var utgangspunktet og turen slutta på bui hjå svogeren min.

Her er det stor snøsmelting. Det er fint med snø, men no vil eg ha den vekk.....

No nærmar eg meg svogers. Då eg kom fram til han så skulle hen heim til mor si som bur rett over oss. Sånn flaks så slapp eg gå heim att.

Penalhus men likvel ikkje......



Ja no har eg brukt symaskina etter at den har stått nedpakka......lenge......Og eg har sydd to store penalhus som ikkje skal brukast som penalhus. Den blå med traktorar på det er allereie tatt i bruk, den er på veg i ein lastebil til Oslo. Minste gutungen reiste med faren i dag på lastebil køyring. Er skulefri no og då kan han vere med..........og så er det ein unge mindre heima i huset......og det er faktisk roligar heima.........nyte da...

Vottar

April09 072

Nokon som veit kva dette skal bli då? Når ein les overskrifta så veit ein kva det vert.

fredag 3. april 2009

Skulebollar


Eg er ikkje født til å laga fine skulebollar, dei smakar slik dei skal. Men dei ser ikkje ut, vaniljekremen velter ut over bollane. Kvifor gjer den det? Eg prøver å lage ei stor grop, men den berra krympar og det er liksom der bollen vert høgast og.

torsdag 2. april 2009

Små vottar i smartgarn

Her er nokre søte små vottar (tykjer eg i allefall) strikka i smart, storleiken er 2-4 år. Egentlig brukt ei oppskrift med masse mønster, men det kutta eg ut. Eg tenkte at fleirfarga garn kunne gjera susen. Har kjøpt noko fleirfarga lilla og som kansje vert vottar ein dag..........kansje ein dag.........

Nytt garn igjen



I dag kom garnet som eg har kjøpt frå
strikkesaken. No gledar eg meg berre til å få brukt det til noko, men fyrst må eg berre "nett" gjera ferdig litt andre ting.
Her eindag var eg nett innom ektra jobben min, og ut dørane så fekk eg detta med meg. Noko skal bli teppe, noko vert til vottar og panneband. Det er farlig å vera nett innom, for det er så lett å ta med seg noko når ein går att. Og stadig så oppdagar eg ting i den butikken som eg ikkje har sett før. Butikken har so mykje men på liten plass og då vert ting litt oppå kvar andre.........så difor dukkar det stadig opp noko.......og alltid like spennande for meg......gledar meg for kvar gong eg skal på jobb der..

onsdag 1. april 2009

Komle middag

Nei no må eg leggja datan i frå meg......... skal laga komler eller raspeballar til middag og då er det ikkje hjelp i å sitja her å trykkja på tastane.......komla e godt.......da røykte kjøtet ligg i panna allereie.........vart plutseleg svolten................nam