Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

søndag 30. august 2009

Panneband nr 2

 IMG_3922IMG_3923

Så var neste panneband ferdig. Han klarte å bestemma seg for kva han skulle ha tilslutt. Det skal nemleg ikkje vera enkelt.

Dette er og hekla i petunia frå Pt på heklenål nr 3.5. Og i frå samme oppskrift hefte som innlegget før.

Og da nesta dei meiner at eg skal laga det er hekla huer i forskjellige variantar. Me får no sjå kva det vert til…….kva eg har lyst til..?

Ha ellers ei fin veka i regnet. For regnar det gjer det i allefall her

lørdag 29. august 2009

Panneband

 
IMG_3920 IMG_3918IMG_3915 
No er det vorte haust og vinteren nærmar seg. Så kva er vel betre då enn å laga panneband. Då eg var på jobb på sy og strikkebui i dag, kom jentungen innom. Ho fann tråd og fargar og så var det berre til å hekla. Så dette vart resultatet av ein ettermiddag og kveldshekling. Garnet er petunia frå Pt og heklenål nr 3.5.
Minste guten i huset fann seg og noko garn, men han skiftar stadig meining om kva han skal ha. Så eg  får venta til i morgon med å byrja på han sitt.

tirsdag 25. august 2009

Laugi

IMG_3878

Her klorar furutreet seg fast til bakken. Det er ikkje mykje som skjuler røtene.

IMG_3894

Eg og Tassen har vore på lang tur i dag. Me gjekk fram over til laugi i Gunvordalen. Gjekk på venstrasida av elva fram og heim att gjekk me på høgresida. I frå me gjekk til me kom tilbake til bilen hadde me brukt 2 timar og 15 minutt. Det er bra det til å vera den slappe kroppen min. Den er ikkje slik som den ein gong var…….

IMG_3890

Ligg nedi lyngen for å ta bilde, jammen er det koseleg.

IMG_3897

Trudde eg var komt fram til vatnet som skal vera her langt framme i dalen, men nei då det var laaaangt at til vatnet. IMG_3885

No sit eg her og kjenner at eg er stiv og støl i beina. Får slappa av med litt hardangersaumsying.

søndag 23. august 2009

Sokkar

 

IMG_3876 Det er ikkje alltid lika kjekt å strikka sokkar. Kjedeleg eigentleg, føles litt som plikt. Men i friske fargar så går det no. Litt seint, men det går no litt innimellom ting som er kjekt å laga. Dei grøne er strikka i Fabel. Og dei skal eg bruka sjølv når eg skal i slalombakken til vinteren. Godt med nokre tynne strikkalabbar.

IMG_3874Desse blå stripete skal mannen i huset få. Dei er strikka i handfarga garn som eg har kjøpt av AvaAdore . Ho fargar masse fint garn. Eg har fleire hesper som eg har kjøpt som ein dag vert til sokkar i litt spreke fargar. Kansje labbar etter engelskemønster. Slike som LivM lagar. Ho strikkar kjempefine sokkar. Kan nesten ikkje bruka dei for dei er reine kunstverka. Utruleg flotte iallefall. Ventar berre på boka som skal koma i posten.

torsdag 20. august 2009

Mitt 3 sjal.

IMG_3873 Her er mitt 3 sjal. Strikka i Tynnalpakka, frå du store alpakka. På pinne nr 4. Mønsteret heiter Gail (aka Nightsongs) men eg hugser ikkje kor eg fann det.

Detter er mitt fyste sjal eller prosjekt der eg har strikka etter engelsk mønster. Sjølv om eg knota litt så ser det likt ut som på bildet. Dette skal givast bort til jul. Tru kven som får det???

søndag 16. august 2009

Prøve lukka på Halsavatnet

  IMG_3835 IMG_3843 Her skal me opp att til Halsavatnet for minste guten ville opp der og. Så då var det berre å gå. Fiskestengene hadde dei med seg, så håpet var vel å grilla fisk på minigrillen.  Men fisk vart det no ikkje. Men heldigvis hadde me pølser med oss. Pølsene var lika lang som grillen var brei.

IMG_3849 IMG_3852 IMG_3853 Vegen heim var lett å gå, på ein hellelagd sti. Forbi eit sel med sau på taket.

IMG_3860 IMG_3863

IMG_3834Sidan me ikkje fekk fisk på fjellet, prøvde me lukka i dalavatnet. Og då vart resultatet 37 fine aurar. Litt forsvann på vegen heim. Nokon fekk tre og nokon fekk 5 andre fekk 2. Men fisk hadde me til middag og litt i frysen.

I dag dei kom heim, etter å ha trekkt garn, då var resultatet 47 fiskar…… så det vart fisk til middag i dag og…

torsdag 6. august 2009

Bading


Han var ikkje so tøff då han byrja bada, men han vart tøffare og tøffare. Og med våtdrakt så var det ikkje så kaldt heller. Oldebesto står og ser at alt går rett føreseg. Me hadde nokre fine dagar med besto/oldebesto i Norheimsund.
Posted by Picasa

Teppe snart ferdig

  August09 050 August09 051August09 053

Her ser de teppet som som eg held på med. Har hatt heklenål og tråd i veska i heile sommar, lite og lett og hatt med meg. No er det siste rest av teppet eg held på med, manglar berre 3 ruter og ein liten kant rundt. Men så må eg og festa alle trådane, eg har ikkje festa ein einaste ein. Brukte fleirfarga garn for å sleppa unde litt trådar å festa.

Teppet er hekla i fleirfarga fabel og blå sisu på heklenål nr 3.


Det er ikkje mykje som skjer for tida men litt er det no. Kosar meg med å gå rundt i hagen for å ta bilder av blomstrane mine. Her er det liljene mine som er fotografert. Nokre av dei iallefall. Har nokre rosa, gule og kvite og. Dei gule har ikkje sprotte ut endå.
Nederst til venstre ser ein baken til mannen i huset, han jobbar med å laga ny trapp til altanen vår.
Midt i bildet så ser de den eine uteplassen vår attmed dammen som ligg til venstre. Målet er å utvide den no i haust. Og då skal eg ikkje plante sån til rundt den. Det skal gå an å sitja på altane å sjå fiskane. Det gledar eg meg til.
Posted by Picasa