Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

søndag 30. juni 2013

Annes blomst.

Byllup kristin og vegar 2013 157Byllup kristin og vegar 2013 158

Her går det vist i vottastrikking midt på sommaren. Det går litt tregare enn på vinterstid, men no er dei endeleg ferdig med mai vottane. Likevel ligg eg etter i Projo sin vottealong, då eg ikkje har starta på junivottane og det straks er juli med nytt mønster.

Byllup kristin og vegar 2013 155Byllup kristin og vegar 2013 156

Greit å vere med på slike alongar. Ein får litt press på vottestrikkinga, noko som kan resultera i vottar til jul. Og ein strikkar mønster som ein kanskje ikkje hadde kome på ellers.

Mønster: Annes blomst av Wenche Roald.

Garn: Gammelserie frå Rauma.

Pinnar: 2.5 mm.

onsdag 19. juni 2013

Togga 1205 moh. ein liten tur på kvelden.

Togga 2013 078Høgt der oppe ligg målet Togga 1205 moh. Bratt som berre det. Men opp skal eg same kor tung det er…..Har eg bestemt meg så, skal eg opp.

Togga 2013 080Togga 2013 083Fyrste del av turen går inni skogen og det er ikkje så mykje å sjå enn skog. Og nokre sauer som er litt forvetne på kven som kjem kavande opp stien SmileTogga 2013 089Togga 2013 092Men når ein er komen halvegs så er ein over tregrensa, og landskapetet openberar seg. Ein kan sjå toppane i Jotunheimen. Denne bjørka markerar halvegen, sånn ca.Togga 2013 095

Togga 2013 109Det er framleis ein del snå att i fjellet og eg måtte kryssa 2-3 fenner og så gjekk eg rundt nokre.

Togga 2013 113Togga 2013 116Endeleg på toppen etter å ha pusta og pesa meg opp bakkane. Kl.19.30 på kvelden. Godt det er “lyst heile natta” Smile  I fjor haus då eg var oppe såg eg ingenting, då det var snøver og skodde. Denne gongen såg eg alt, laugadalen frudalen, anestølsvatnet og sikkert mykje meir som eg ikkje veit kva heiter. Iallefall for ein utsikt. Bør opplevast.

Togga 2013 118Togga 2013 119

Frudalstunnelen til venste og Anestølsvatnet til høgre.

Togga 2013 121Togga 2013 128Togga 2013 131Togga 2013 132Togga 2013 133Togga 2013 136

Me er jammen heldige som har ein slik natur å gå i her i Noreg. Men denne turen i dag hadde nok ikkje vore gått hadde det ikkje vore for compeed og sportstape. Sidan eg fekk gnagsår på søndag. Gnagsåret er vorte litt større, men kva gjer vel det……eg kom meg på toppen.

søndag 16. juni 2013

Ei sommarnatt på Jarbruene…

Fagereggi 2013 011

Eg og Hallvard tok ein rask bestemmelse, hytta var ledig og så var me klar for ein natt i fjellet. Med tunge sekkar luska me oss opp bakkane. Litt tyngre å gå til fjells med tung sekk, mot ein liten tur sekk. Men me kom oss no opp. Og koste oss gjorde me. Sol til langt på kveld.

Fagereggi 2013 012Fagereggi 2013 017

Strikketøy er eit must. Sidan det går litt tregt med vottane til projovotte alongen, så var det desse som fekk vera med. Så no er straks eine votten ferdig……og eg trur den andre snart ferdig og..

Fagereggi 2013 020Fagereggi 2013 025

Mer heldige som kan låna denne hytta når den måtte vera ledig.

Fagereggi 2013 028Fagereggi 2013 030

Då sola var gått med, vart himmelen berre heilt fantastisk.

Nåken so vil vera med ein gong, det er berre å sei i frå.

fredag 14. juni 2013

Etter ei veka i Portugal er det godt å ta turen til fjells…..

Me har hatt ei flott veke i Portugal. Leigde eit hus med badebaseng litt utanfor Ohlao. Stille og fredleg rundt oss. Kan anbefalast på da sterkaste.

mobil 2013 801mobil 2013 817

Herleg med eige badebaseng, ein kan bada dagen lang i.

mobil 2013 786

Ein liten køyretur frå huset ligg Zoomarine. Ein fin liten park, med mykje spennande. Her var me på delfinshow. Utruleg kva ein kan få delfinane til å gjera.

mobil 2013 885mobil 2013 883

Sevilla var berre nokre timar unna, så det vart ein liten tur dit og. Flott by, det vetla me såg.

mobil 2013 937

På turen tilbake frå Sevilla, stoppa me ved Praia Verde, finaste stranda i Portugal. Der var det så mykje vind, at me hadde heile stranda for oss sjølv.

mobil 2013 979mobil 2013 1046

Dette er frå stranda ikkje langt frå der me budde. Og så eit bilde frå dei flotte blomste trea me hadde ved huset. Tenk å hatt slike heima…..

mobil 2013 1103

Så til overskrifta…..fint å vera på tur, men jammen er det godt å koma heim att og kunna ta turen til fjells. Fyrst var eg og Hallvard ein tur på Kollsetevatnet å fiska. Ingen fisk, sjølv om den hoppa rundt oss.

mobil 2013 1173mobil 2013 1175

Og så hadde eg meg ein lengre tur aleina, før regnet kom. Sogndalsdalen og dalavatnet på sitt besta. Kan ein ha da finare Smile

Borte bra, men heima best!

mobil 2013 1190