Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 28. september 2012

Togga det stora målet dette året......

Då var målet nådd. Og eg er kjempe stolt av meg sjølv😃 eg prøvde meg på samme turen i byrjinga av juni og då hadde eg ikkje sjans på å klare det. Men no er det gjort😄

søndag 23. september 2012

Nøstebarnjakke med fletter

September 2012 178September 2012 179

Mamma her kjem ei lita oppdatering….sidan du tykjer det vert lenge mellom kva gong……

Her har eg strikka ei jakke frå nøstebarnboka. Jakka er strikka i minste storleiken og eg har brukt silkemerino, så det er ikkje noko rusk. Denne jakka er tiltenkt ein liten gut som kjem i februar ein gong. Håpar mottakeren vert nøgd Smilefjes

September 2012 181

Fine knappar med ekorn, kjem frå lageret. Hadde akuratt nok, som regel pleier det å vere ein forlite…men denne gongen var det nok.

September 2012 095Tilslutt eit lite bilete frå turen eg hadde sist veke. Då eg var med nokre strikkedamer frå arbeid på tur. Dette er i frå saltgruvene.

lørdag 22. september 2012

Hausttur til Tylderingen

No er det ei stund sidan eg har vore til fjells. Ikkje fordi eg har slutta å gå, men fordi veret har ikkje vore noko særleg. Men i dag skein det opp og det var berre å koma seg avgarde. Så her kjem nokre biler frå turen.
Og mamma her e ei lita oppdatering.

onsdag 5. september 2012

Tjukkelabbar er godt å ha

Sjølv om det har vorte ein del turgåing i da sista så har eg fått strikka 2 par labbar.
No dei siste dagane har veret vore veldig skiftandes. Sol regn og vind om kvarandre. I gårkveld trur eg mini isak var her:) i dag har eg ikkje vore utom ei dør, men lyte ut snart på arbeid:) dagen har eg berre sopa vekk i ingenting, litt godt da og.