Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

søndag 24. juni 2012

Trudde eg skulle kome meg opp på Togga…..

IMG_9200Her er utsikta over Dalavatnet i sogndalsdalen, når ein er kom eover tregrensa.

IMG_9203IMG_9204Bratt var det oppover heile vegen. Og med min tunge og dårleg trente kropp så var ikkje dett ein god kombinasjon Smilefjes. Kvifor skal eg no alltid legge ut på slike strabasiøse turar???? Kanskje fordi eg trur eg er sprekare enn eg er?? Sikkert. Ja ja turen var fin den om eg ikkje kom meg på toppen….kanskje neste gong?

IMG_9209IMG_9223Utsikta frå der eg snudde kan ein ikkje sei noko på. Til venstre ser ein heilt inn På Laugavatnet og til høgre ser ein Anestølsvatnet.

IMG_9219IMG_9216Oppi snøen måtte eg leika meg litt. Sjølv kor sleten eg var. Sigla på rumpa ned ein bratt bakke Smilefjes

IMG_9232IMG_9233Her er det “lokst ut øve” Men for ein utsikt.

IMG_9240IMG_9239IMG_9238Her er eg ned att komen. Bilde 1 utan zoom, heilt opp til snøen midt i bildet var eg. 1,5 km rett opp. Tung som f….. Bilde 2 ser ein siste bjørka, som dei seier er halvegs til toppen. ( ikkje veit eg, eg var ikkje på toppen) og bilde 3 viser litt nærare kor eg var.

I dag tre dager etter kjenner eg det framleis i lårmusklane….eg måtte jo selvfølgelig ein tur dagen etter denne og…2 timar og 7,5 km…..før eg skulle på seinvakt…..trapper er ikkje noko godt å gå i, heller ikkje ned på hug Smilefjes 

Men eg kjem meg…..

søndag 17. juni 2012

Simply Haruni

IMG_9154IMG_9155

Long time no see Smilefjes Det går tregt for tida. Mykje på gang og då vert det lite blogging og. Har faktisk vurdert sommarferie, men det vert det sikkert ikkje. Ikkje endå i allefall. Sjølv tek eg ikkje ferie før om 4 veker. Det gledar eg meg til. Jaja nok om da.

Endeleg har eg fått blokka sjalet som har lagt ferdig ei stund.

Mønster: Haruni av Emily Ross.

Garn: Wollmeise 100%.

Pinner: 3.5 mm (trur eg).

Eg har strikka den enkle versjonen med glatt strikk før eg starta på blondekanten. Til å begynne med var eg ikkje sikker på om eg likte den enkle varianten, men etter å ha blokka det så tykjer eg det vart fint dette og. Kanskje det vert fleire…ein gong. Litt herk var det under blokkinga, sidan det skulle ei knappenål i alle luftmaskebogane. Men med nok knappenåler så gjekk det og.

IMG_9160IMG_9161

IMG_9157IMG_9159

Sjå dei fine alliumane som sprett ut…og for nokre fargar…

lørdag 16. juni 2012

4H sin sommarfest i Fjærland

I går kveld køyrde eg gutungane på 4H sin sommarfest i Fjærland. Kjempe heldige med veret var me. Sol frå ein nesten skyfri himmel. I dag er det ikkje slik….

juni 2012 228juni 2012 232

Medan ungane var med på diverse ting så sat eg og ei til på ein benk ved sjøen, å strikka og hekla. Og litt bildetaking.

juni 2012 236

Johannes var på fiskegruppa. Ikkje like spennande å sitje på kaien som det var å køyre båt med påhengsmotor… ein må jo byte….det var ikkje nemleg ikkje plass til alle i båten.

juni 2012 260juni 2012 261

Her kjem padlarane inn att etter ein runde på fjorden. Dette var Hallvard med på. Noko som og gav meirsmak. Båten Hallvard sit i har vore med på både 71grader nord og Fjellfolk. Gjett om han var stolt. Så no ventar han berre på at me skal bestille meir padling i sommar.

juni 2012 264juni 2012 248

juni 2012 256Dei fleste stader langs sjøen ligg det som regel ein stranda gammal båt. Også i Fjærland, denne har ein flott utsikt mot høge bratte fjell.