Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

torsdag 29. desember 2011

Give away!!

IMG_0660

God jul alle som er innom.

Her kjem ein liten gje vekk sidan eg no har runda 30 000 på teljaren min. Alltid kjekt når nokon stikk innom.

1 lodd til den som legg att ein liten kommentar.

 

IMG_0661IMG_0663

1 premie er eit hespe med Wollmeise twin.

 

IMG_0658IMG_0659

2 premie er to nøster med kunstgarn.

Så har du lyst til å vinne noko av dette så er det berre å legge att ein liten kommentar. Legg du deg til som fylgjar så er det berre ekstra kjekt….

 

torsdag 22. desember 2011

God Jul alle saman!

IMG_0608IMG_0609

Her kjem ei lita julehelsing frå meg no før det brakar laust. I morgon kjem mamma, pappa og minste systra med kjerast. Så no skal me kosa oss og eg skal ha fri til onsdag.

IMG_0624Juletreet er pynta og klart, no mnglar det berre raude dukar på borda.

IMG_0626Tassen han ligg og følger med Smilefjes

God jul alle saman, det kjem snart ein liten gje bort her på bloggen.

lørdag 3. desember 2011

Miss Korrigan til Mie…

IMG_0558IMG_0559

Mønster: Miss Korrigan frå ravelry.

Garn: Lerke frå dalegarn.

Pinner: 3.5 mm.

Storleik: 4 år.

Fyrst strikka eg Korrigan til baby. Og då eg såg den til større ungar og så måtte eg berre strikke ein til. Denne vart ei gåve til ei som hadde bursdag i dag. Må sei eg likte veldig godt desse fine flettene, så eg skal ikkje sjå vekk i frå at det kan bli fleire slike. Kanskje fine julegåver til neste år Smilefjes Nokre små jenter som ynksjer ein vest?

IMG_0561

Her har veret vore ganske ryske dei siste dagane eller siste veka. På dagen i dag var det nokonlunde bra, men no bles og snøar det. Så jammen er det godt me har tett og varmt hus, me kan vera inne i.

IMG_0562IMG_0563

No står nok ei veke for tur, med juleforbredelsar.