Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

lørdag 28. november 2009

Lue

IMG_4410 IMG_4408

Endå ei lita lue. Ein del av ein julepresang til ein 4 åring. Denne vart litt stor, så strikka ei ny med eit nr mindre pinnar. Så eg håpar den neste passar betre til ein 4 åring. Men eg gjekk tom for grått garn i natt og i dag har eg sove heile dagen, så eg får vente med å kjøpa meir når bui er open at på mandag. Så i natt får eg strikka på noko anna som eg har liggande, for eg er nok ikkje arbeidsledig.

Mønster: Viking garn nr.0911

Garn: Viking Alpaca

Pinner: 7 og 8.

Modell: Hallvard.

torsdag 26. november 2009

onsdag 25. november 2009

Ishbel nr 3

 IMG_4396

Så var mitt tredje  Ishbel sjal ferdig strikka og blokka. Eigentleg raske og fine å strikka. Er ikkje godt å få gjengitt fargen slik dei eigentleg er. Men det er ein mellom ting mellom øverste og nederste bilde.IMG_4389 Mønster : Ishbel by Isolde

Garn: Enya frå Saffron

Pinne: 3,5   IMG_4393 Kjekt å strikka men eg kan jo ikke ha alt dette sjølv så sjalet er lagt i kassen for ting som kan gjevast bort.

 

I dag er det eit skikkelg tungt ver ute, ei stund regnar det og ei stund så snøar det. Slik skiftar det heile tida. Hadde no berre snøen lagt seg og at det hadde vore nokre få minus grader slik at den vert liggande.

Men no regnar det att :)

tirsdag 24. november 2009

Lue i Jærbo garn

 

 IMG_4388IMG_4387 IMG_4386

Endå eit lite prosjekt ferdig. Etter at eg strikka ferdig det sista Ishbel sjalet mitt , så har eg strikka ferdig 2 ufoar. Dette er den eine. Hallvard står modell denne gong. Fint lite smil ;)

Mønster: Jærbo garn ark.

Garn: Jærbo garn Fantasi.

fredag 20. november 2009

Strandamessa på Vinje

IMG_4375 IMG_4376 I dag reiste eg rett frå arbeid, med mål Strandamessa på Vinje. Der visste eg at Trollkåno skulle vera og ho ville eg helsa på. Kjøpa litt hadde eg bestemt meg for og. Og so eg gjorde, alle desse figurane vart med heim til Sogndal. Nokre skal eg ha sjølv andre vert julapressangar.

IMG_4378 IMG_4374

IMG_4372  Veit ikkje heilt kven og kva, kvar og ein skal få, men denne skal eg iallefall ha sjølv. Da e sikkert. Må nok ha meg fleire slike troll og nissar med tid og stunder.

Eit stykke var det å køyra, men kva gjer vel det når det er so masse fint å sjå.

 

 

 

 

 

DSC00050 DSC00048 DSC00049

Ha ei fin helg alle saman!

torsdag 19. november 2009

Rose red nr 2

IMG_4370

IMG_4366  Eg har strikka endå ei lue.

Mønster; Rose red

Garn: Alpa frå Trysilgarn.

Pinne: 4mm

Ei kjempe fin lue, men eg vert ikkje heilt einig med meg sjølv om eg passar med ei slik ei. Jentungen passar med den, men ho vil ikkje ha den eingong.

Så kva gjer ein då, jau ein legg den i kassen med i bort heime laga ting. I morgon etter arbeid skal eg på julamessa, og eg gledar meg kjempe masse.

onsdag 18. november 2009

Hemmelegven november

IMG_4362

Jippi eg fekk hemmelegven pakke i posten. 2 nøster opal garn og 1 nøste on line garn, sjokolade og te. Sokoladen dreiv eg og minste guten og kosar oss med før dei andre kjem att frå skulen. Eg gledar meg til å smake på teen, for den luktar utruleg godt. Skal bli kjekt å prøve opal garnet for det har eg ikkje strikka av endå. No har eg masse sokkegarn og fleire sokkebøker så det skal ikkje mangla på oppskrifter til garnet.

Tusen takk min hemmelegven.

mandag 16. november 2009

Ishbel nr 2

IMG_4355 IMG_4356 IMG_4357

Ishbel nr 2 er ferdig. Endå ein julapressang ferdig, eller ei julahelsing som takk for epler og pærer no i haust. Håpar mottakaren likar lilla…..

Mønster: Ishbel by Ysolds.

Garn: Mirasol frå Du store alpakka.

Pinner: 4.5

Dette er eit utruleg kjekt sjal eller halstørkle er vel rettare å sei sidan det passar best inni jakka eller som pynt utan på ein gensar eller liknande. Eg kjem nok til å lage fleire, er allerede byrja på nr 3.

tirsdag 10. november 2009

Ishbel

 

IMG_4306Mitt fyste Ishbel sjal ferdig strikka men ikkje blokka.

IMG_4342 IMG_4344  IMG_4334No er det ferdig blokka og tatt i bruk. Slike skal eg iallefall lage fleire av.

Mønster: Ishbel by Isolda.

Garn: Babysilk frå Du Store Alpakka.

Pinner: nr 4.

Grå lue i Alfaglitter

 IMG_4320 IMG_4324

Da e jammen ikkje enkelt å ta bilder av deg sjølv, som ser nokonlunde ut. Slik er det berre når ein manglar modell. Og ein vil ha det inn på datan kjapt. Av bildene å dømma skulle ein tru det var to forskjellige huer , men det er ikkje det. Mørkaste gråfargen er rettast.

strikka i alfa glitter og pinner 6 og 7. Mønster henta frå eit Sandnes hefte eg ikkje hugsar nr på.

søndag 8. november 2009

Lue med glitter.

IMG_4302Lurdagskveld mannen, eldste sonen og svogeren min dreiv på ute og støypte ville Tassen vera med og. Og tryggaste plassen og kansje der hunden likar seg best er då i traktoren. Der i frå får han med seg alt. Likar å ha kontrollen.

 IMG_4303Dette er mellomste jenta til eine syster mi. Ho sit som modell for hua som er strikka i garnet Silver Dream  og pinne nr. 4. Det er glitter i garnet, litt stilgt. Men kansje ikkje for vaksne.

IMG_4305 Ei lita baby lue strikka i Alpaca frå Drops.

Babyhua laga eg ferdig tidlegare i veka, men har ikkje vore god te å blogga den før no. Etter å ha kome meg att etter svineinfluensa vaksineringa på torsdag. Og besøk i huset, av syster svoger og 3 tantebarn.

tirsdag 3. november 2009

Rose red lue

IMG_4291  IMG_4285

No har eg herma etter Linda. Eg har strikka ei lue kjøpt på nettet her. Lua mi er strikka i Alpa frå trysilgarn.

Lua den har allereie skifta eigar. Trur nok at eg kjem til å strikka fleire slike, kansje ikkje til meg sjølv. Passa liksom ikkje heilt. Eg er vel ikkje noko luetype. Ho passar betre på Linda strikkesaken enn meg.