Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

onsdag 28. mars 2012

Tjukkelabbar i lange banar......

Eg som ikkje likar å strikke labbar... har no strikka 4 par. Storleiken ligg vel på frå 2 til 5 år. desse vert sikkert julegåver, når den tid kjem.

Eg har sagt mange gongar at eg likar å strikke labbar, men jammen har laga nokon likevel. Det såg då eg gjekk gjennom behaldninga til ungane. Så kanskje eg likar det litt innimellom:)

mandag 26. mars 2012

Endå ein gong vart det Korrigan.

Mars 2012 056Mars 2012 058

Er litt sløv med blogginga for tida. Finn liksom ikkje noko å blogge om. Strikkar på fleire ting samtidig og då er det lite som vert ferdig. Og så er eg sikkert litt lat….giddalaus….

Nok ein gong har er strikka ein Korrigan. Denne gong og i Ella Rae, i ein rosa lilla farge. Denne var eigentleg tenkt ei lita jente som var fødd sist månad. Jakka er ikkje akurat stor i storleiken og når jenta var stor og eg ikkje kjem meg på besøk, så vert alt dette ein dårleg kombinasjon. Så no har eg starta på noko nytt. Berre vent og sjå. 

Mars 2012 060Mars 2012 057

 

Mars 2012 052

Ei ny Jaffrey hue har det og vorte strikka. Nett same farge og garn som sist. Eg måtte jo bruke opp dei to nøstene med Heverdags. Eg har to brune og, så kanskje det vert huer i brunt og…. 

 

mandag 19. mars 2012

Nysnø!!!!!

Detta va da som møtte oss i dag tidleg. Da vil sei at eg visste om da, for eg var nattevakt. Men eg må no sei at detts trengde me ikkje no.

søndag 11. mars 2012

Little Things lue og pulsvarmarar.

DSC08641DSC08642DSC08643

Endeleg ferdig med denne hua, etter å ha rekt den opp ein gong. Sidan den var forliten, men hadde eigentleg tenkt å strikke ei ny. Men fann ut at det var best å rekke den opp, så slapp eg å kjøpe nytt garn. Lurt ikkje sant Smilefjes To nøster med Sterk er no vorte hua og pulsvarmarar. Ganske greit å få brukt det opp med ein gong og.

Mønster: Little Things på hua.

Garn: Sterk frå DSA.

Pinnar: 3 og 3.5 mm.

DSC08644DSC08645

Pulsvarmarane har eg laga mønster til sjølv, med utgangspunkt i hua. Jaja, eller mønster og mønster, har no rabla ned noko på eit papir. Som sikkert berre er forståeleg for meg Smilefjes

DSC08646

Var på Nille i går, og der hadde dei desse fine hønene/hanane og to av dei måtte berre vera med heim. Hanen kan ein fylle med påskegodt om ein vil….

PS eg har framleis att nokre Wollmeise garn…

fredag 9. mars 2012

Soulmate sjal frå DSA.

DSC08627DSC08628DSC08629

Her kjem eit lite bilderas av det siste sjalet eg har strikka. Sjalet er strikka i garn frå den nye serien til Du store alpakka, Dreamline. Eit florlett sjal, som veg omtrent ingenting. Dette heng no på Sy og strikkebui i Sogndal.

DSC08631DSC08632

onsdag 7. mars 2012

Eg sel litt av Wollmeisen min.

Det sit langt inne men eg sel litt av Wollmeise lageret mitt. Her er det fyrstemann/kvinne til mølla.
220 kr. pr hespe, då er portoen med. Ein kommentar med epostadressa di, så tek eg kontakt.
Det er ein av kvar farge.
100% Merino Superwash

Mörhrchen orasje
Pfefferminz Prinz80/20 Twin: Pfefferminz Prinz
Bilder lånt frå Wollmeise http://shop.strato.de/epages/61425309.sf/en_US/?ObjectPath=/Shops/61425309/Categories/%22In%20Stock%22 her kan du og søke på fargen.
Ta kontakt dersom det er noko du vil ha.