Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

onsdag 7. mai 2014

Snø og ski rundt påske.


Heisann te deko som er innom! Går tregt med denna blogginga no. Vert lenger, og lenger mellom innlegga. Veit ikkje om eg vert noko betre, så innlegga kjem sånn dann og vann.
No kjem eit lite bilderas av det eg har dreve med sidan sist.
Eg har vore fleire turar på Høgehaug i vinter. Ein fin tur på turski.
Denna karen har vore med meg på ski nokre gongar. Denne gong frå grilling på Brita bu, langfredag. Veret var heilt herleg i påsken.
Andre påskedag var det på med randoneeskia. Så va det berre å ta fart på bakkane.
Etter mykje slit så enda me på toppen av Blåfjell. Tungt opp, men ein leik ned att.
Ein leik for nokon, ikkje alle☺️ Eg likar det ikkje heilt.
Siste turen på Høgehaug denne sesongen. 
Så for turen til hardanger for konfirmasjon, men me klarte å få ein tur på Folgefonna dagen før😃 
Eg tok nok ein gong på meg randoneeskia,  og labba opp på toppen av Folgefonna 1644 moh. Og der kunne ein sjå Hårteigen, som ligg innpå Hardangervidda. Eg har Hårteigen til høgre for hovudet mitt. 
Mannen og gutungane holdt seg i bakken.
Søndagen kom og det var berre å koma seg i finstasen. Sognebunad i Hardanger. 
Mine flotte born😃 ikkje alltid lika kjekt å ta bilde.....
Her er konfirmanten med tante og onkel. 
Papppa passar alle jentene sine😊
Siste turen på ski denna sesongen gjekk opp på Kollsetevatnet. 
Måtte nyta siste rest av snøen og finveret.
Takk for turen og for at du holdt følge heile vegen😊