Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

mandag 14. januar 2013

Votteproduksjon……ei lita oppdatering…

Er vel påtide med ei oppdatering frå meg og 14 dagar inn i det nye året. Godt nytt år, viss ikkje det er litt i seinaste laget. Her går det stortsett i same tralten. Sjukdom og influensa gjorde me ferdig før jul, får eg håpa. Litt strikking har det vore dei siste månadane, men det tek litt tid å få det på bloggen. Så her kjem eit lite ras….

Januar 2013 117Januar 2013 119

Fyrst ut er nokre vottar til to av tantejentene mine. Dei fekk vottar til bursdagane sine. Mønsteret er frå pt design nr.82, strikka i pt5 sport og pinne 3.5 mm.

<<>>

Januar 2013 123Januar 2013 124

Så var det ein arbeidskollega som ynskte panneband og vottar. Desse er og henta frå pt design nr.82. Strikka i pt5 sport og pinne nr.3.5 mm.

<<>>

Januar 2013 127Januar 2013 129

Så var det ei som ville ha vottar til sonen sin. Så då vart desse til. Strikka i 3 trd. frå rauma. Hugsar ikkje kva hefte dei er henta frå.

<<>>

Januar 2013 130Januar 2013 131Januar 2013 132Januar 2013 133

Så kom svigermor med nokre mønstrar som eg fekk. Der i blandt desse hestevottane til Jorid Linvik. Kjempe fine var dei. Så dei vart strikka i ein fei. Dei vart litt mindre enn eg hadde trudd. Passar sikkert best til ein åtteåring.

Desse er strikka i tynn alpakka, drops alpaca og mini alpakka. Skikkeleg reste garnstrikk. Mønsteret kan du kjøpa på nett hjå Jorid Linvik.

Då var eg ferdig for i dag. Når sola snart kjem fram så lyt eg ha meg ein tur ut. Og så vert det strikking og litt rydding i huset. Ha ein fin dag…