Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

torsdag 30. desember 2010

Vott nr.2 ….ferdig og godt nytt år.

IMG_7972

Min variant av babyselbuvott.

IMG_7966IMG_7967

I dag har eg kost meg med å prøve å lage mitt eige babyvotte mønster. Har teikna eit med heile blad og eit med opne blad. må sei meg ganske fornøgd. Har strikka ein, og så får kvelden vise om eg får strikka ein til.

Her ser de kjøkenbordet, papir , permar og data ut over…..kanskje eg lyt rydde før mannen kjem heimSmilefjes

IMG_7969IMG_7970

Garn: Dale babyull

Pinner: 2,5 mm

Legg opp 40 masker og strikk 1 rett og 1 vrang, ca 6-8 cm. Strikk så ein pinne rett der du aukar 4 masker jamnt fordelt. Så startar du på mønsteret.

Viss nokon skulle finne på å strikke vottane så hadde det vore fint om de linkar tilbake til meg.

mandag 27. desember 2010

Selbuvotter

IMG_7959

 

Selbuvotter igjen. Eg likar ikkje strikke sokkar for eg må ha to like, men selbuvottar er kjekt å strikke Smilefjes Eg må jo ha to like her og….så kva er då eigentleg problemet med å strikke to like sokkar? Ikkje veit eg.

IMG_7961

Mønster: Gratis på nettet Her

Garn: Østlandsgarn

Pinner: 3 og 3,5 mm

Storleik: Dame

søndag 26. desember 2010

Julaftatradisjon.

 

IMG_7907

Dompappane kosar i bjørka nedanfor huset, medan dei et solsikkefrø som dei hentar utnafor kjøkenglaset. Flott fuglar.

IMG_7912

For ein herleg dag det var på julafta. Og i tradisjonenstru så vart det sett ut graut til nissen, vetlejulafta. Og på julafta må ein sjå om nissen har vore der og ete opp grauten.

IMG_7918

Her er dei på veg ned i fjøsen til naboen for å sjå om nissen er der eller har vore der.

IMG_7922

Jammen låg ikkje nissen der i år og, som så mange gonger tidlegare.

IMG_7931

Ein god klem må og nissen ha.

IMG_7955

 

Julafta feirde mannen og gutungane med svigers, medan eg var på jobb. Kjekkast dei fekk var desse varseldressane. Godt å ha når dei er ute om kveldane.

IMG_7935

Her prøver svoger og minsteguten klokka som heng på fjøsen. Den høyrdes ut som ei kyrkjeklokke.

Her var eit lite innblikk i julafta her hjå oss.

Ha ei god romjul.

lørdag 25. desember 2010

Tunika

IMG_7849No kan eg endeleg visa tunikaen eg har strikka i all hemmelegheit. For dette skulle verte ei gåve til jentungen. Her ligg den til tørk, medan jentungen var på skulen. Strikkinga har eg gjort på nattevakt eller etter at ho har lagt seg. Det gjekk det og, sjølv om eg har hatt eit par episodar der ho har kome ned trappa og i rein refleks har strikketøyet gått rett under bordetSmilefjes 

IMG_7850

Mønster: Sandnes hefte nr?

Garn: Sandnes alpakka.

Pinnar: 3 og 3.5 mm

Her er det jobb att i morgon ettermiddag. Dette året har det vore mykje jobbing i jula.

Ha framleis ei fredfylt jul.

fredag 24. desember 2010

God Jul i stova.

IMG_7895

No har endeleg juleroa senka seg i heimen. Nissen har fått graut….. og eg har pynta meg til eg skal på arbeid kl.15 Slik er det når ein jobbar i helsevesenet……

Så her sit eg og vil ynskja alle ei retteleg god jul.

Ein god klem i kulden frå meg

onsdag 8. desember 2010

Julakuler….

IMG_7796IMG_7797IMG_7798

Jammen vart det ikkje nokre julekuler på meg og. Sjølv om eg hadde tenkt at detta skulle ikkje eg bruka tid på. Men så kom boka i posten, for den hadde eg jo gløymt å avbestilla. Etter å ha bladd i den vart det henta pt2 og finull frå lageret. Så no har eg strikka 5 stykk. Og kanskje vert det fleire…….dei e no litt fine.

IMG_7799

Har og henta fram litt julapynt. I fjord var eg på julemessa på Vinje, for å sjå trolla og nissane til Trollkåno. Mykje fint lagar ho, så det vart med ein del heim att. Noko vart julepresangar og andre ting vart buande her i huset. Kjekt å ta dei fram atte, for jammen kor fine dei er.

IMG_7787IMG_7800

No har jula kome inn i huset.

Kos dykk i denne fine adventstida.

fredag 3. desember 2010

Blånisseforeldre skal flytte til barna i jula.

IMG_7762IMG_7764

Desse nisseforeldra skal flytte til borna sine på julafta. Her er det ikkje snakk om at foreldra kjem fyrst, neidå her kjem ungane fyrst og så foreldra. Så til jul vert alle samla. så då har eg strikka nisse familiar til heile familien min utan om vetle systra, ho har vel berre fått ei lita jente. Men, men resten kjem etter kvart.

 

IMG_7763

Etter å ha stått og sett på meg medan eg arbeider på syrommet mitt så er det på tide å pakke dei inn. Blogga er dei og, så då er alt i orden.

Ha ei fin helg alle som kikkar innom.

torsdag 2. desember 2010

Eit par vottar …….i kjølden….

Har strikka eit par vottar i denne kuleden som herjar utan for døra grade stokken svingar for det meste mellom 18 og 20 minus grader. Og lite kan ein gjere med det, så for tida held ein seg inne og held fyringsvakt. Smilefjes jaja so gale er det no ikkje for me har no varmepumpe som gjer at det ikkje vert alt for kaldt inne.

Siste veka har det gått i sjukdom her i huset. Til og med mannen har holdt seg på sofan i 3 heile dagar. Noko som er svært sjeldan at skjer. No er det yngste guten som hostarm hostar og hostar, vondt i hovudet og feber. Sjølv går eg her og svelger og svelger på ein klump i halsen, skal tru om det vert halsbetennelse av det,….noko tida vil vise.

IMG_7758

 

Mønster: pt nr: 82 trur eg

Pinner: 3mm

Garn: pt 5 sport.

Storleik: dame

IMG_7759

Ha ei fin helg allesaman.