Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 30. april 2010

Min fyrste myntpung.

IMG_5570

Min fyrste myntpung. I går kveld vart eg so inspirert av Timotei, at eg sette i gang å sy. Lenge sidan eg har brukt symaskina så det var litt kjekt og. Denne myntpungen over sydde eg nesten ferdig i gårkveld, men den mangla glidlås. Noko som var mykje seigare å sy på. Sjølv om det var veldig greit forklart i bloggen til Timotei.

Så det vert nok fleire av desse her, for no har eg kjøpt inn fleire glidelåsar.

IMG_5572  

Her er eit lite bilde av sy og hobbyrommet mitt. Litt trangt om plassen men kva gjer vel det berre eg får vere i fred her inne :)

I helga er det nattevakter att…..Ha ei fint 1. mai helg alle saman.

onsdag 28. april 2010

Kurbis nr.2

IMG_5560 IMG_5563 IMG_5565

Mønster: Karin the kurbis hat. Kjøpt hos The Loopy Ewe

Garn: Austerman stepp og zauberball.

Pinner:2 og 2.5 mm.

 

IMG_5555

I dag har eg sløva på sofan. Er vorten so forkjølt, så no ligg eg her og slite med hovudverk og er tett i heila hovudet. Vondt i kroppen og sveitar og frys om kvarandre……lite godt sppør du meg. Ikkje god til å strikka ein gong, og då er eg sjuk……eller?

søndag 25. april 2010

Eit multnomah sjal…..liknande

 

 

IMG_5567

 

Her sit eg med min eigen versjon av Multnomah sjalet. Inne på syrommet mitt, kan de sjå at det ikkje er høgt under taket:) Og så er det kjekt med eit lite sjal som kan skjule ei byrjande dobbelhake:)

Garn: Mini palett frå sandnes

Pinner: 3 mm trur eg.

Mønster: Min eigen variant av Multnomah

IMG_5568

  Dette sjalet har eg strikka for ei heil stund sidan, men eg får ikkje fingen ut og blogga det. Ikkje er det blokka heller. Men bloggast skal det uansett. Ein ting mindre på toppen av kommoden her på syrommet mitt.

Kanskje eg skal rydda litt……..nei gidd eg da då???

Ha ei fin veke alle som er innom meg her i denne dataverden:)

mandag 19. april 2010

Sokkar og meir snø……

mobil2010 146

Mønster: Alcymist kjøkt hiå Strikk innom. (trur eg)

Pinner: 3.5 mm

Garn: Raggi frå Jærbo

Tjukke og gode sokkar med fint flettemønster. Litt bale å sitja å fylgja med på mønsteret heile tida. Mein dei vart no fine då, om eg må sei det sjølv.

Denne helga har eg hatt arbeidshelg og gjett som møtte meg då eg skulle heim att frå arbeid 22.30 fredagskvelden. Jaudå 10 cm nysnø. Korleis trur du det gjekk med mine sommar dekk? Eg kom meg iallefall ikkje opp att. Så mannen måtte koma ned til hovedvegen å henta meg og så vert eg slept heim att. Moronen etter reiste eg på jobb med gamle bilen for den hadde piggdekk.

Det er ikkje dett eg vil ha i midten av april. Og snøen den ligg endå sidan det har vore 4-5 minus på natta. Bildene under er tatt på laurdagen etter arbeid. Her var det ikkje att ein einaste snøflekk, men sjå no. NO e eg lei snøen.

 

mobil2010 138 mobil2010 141 mobil2010 143

torsdag 15. april 2010

Trudde det var siste par ut …….

Trudde eg var ferdig med votteproduksjonen for denne vinteren, neidå eg hadde jo lovt pappa et par til bursdagen. Så desse vart strikka i ein fart, men trur du dei passa. Nei han ville ha dei større, så då var det berre å byrje påan atte. Men no går det ikkje så fort, for han treng dei jo eigentleg ikkje før te neste vinter……

 IMG_5547

Mønster: Eit gjestal hefte trur eg.

Garn: Heilo

Pinner: 2.5 og 3 mm.

mandag 12. april 2010

Karin the Kurbits Hat

IMG_5533 IMG_5532

Denne har lagt ferdig leeenge. Men så var det då å få tatt bilde og blogga den. Det tek tydlegvis lang tid og. Men, men her er den. Mønsteret får du kjøpt her her.

Mønster: Kjøpt på Loopy ewe.

Garn: Austermann og zauberball.

Pinner: 2 og 2.5 mm.

 

I vinter kjøpte me oss campingvogn. Jippi skal bli spennande å sjå om me er ein slik camping familie. I går og i dag har eg og jentungen vaska heile campingvogna innvendig. Den har stått vekklagra til me drogg den heim her i påska. Men sidan eg har jobba i strekk i nokre veker så har eg ikkje hatt tiltak å byrja på den før no. Så det som gjennstår no er å vaska putene.

Dei fine dagane som har vore no i helga har vore nytt ute på altanen og rundt i hagen med diverse rydding. Litt tidleg her som eg bur. Tidlegare har me vore heldige om snøen har vore vekke til 17 mai. Men slik har det ikkje vore dei siste åra, og iallefall ikkje i år for no er nesten all taksnøen vekke og. Heilt utruleg spør du meg. Faren no er at eg vert litt for ivrig i blomstrane og at det då kjem skikkeleg med minus grader att. Noko som er meldt tl helga –8 seier svogeren min…..tida vil no vise om det vert so kaldt. Då får no blomstrar vere blomstrar. Butikken har masse meir:)

Ha ei fin veke alle saman.

torsdag 8. april 2010

Lenge sidan sist……

Heile påska og vel som det har gått til jobbing. Ikkje ein dag fri på nesten 2 veker. Så lysta til å bloggen den har vore ganske død…. Har vore meir oppteken med å strikke og lese andre sine bloggar, for der har eg vore… alltid kjekt å sjå kva andre gjer og lagar.

 

IMG_5536

Denne påskelilja har stått og blomstra inne på spisebordet, men no har den sitt sine siste dagar og er på veg ut or huset. For å få eit nytt liv ute. Og håpar den kjem att til neste vår. Dei eg planta ifjord dei er på veg opp….

IMG_5542

Dersom dette er Hestehov så er det dei einaste i milsomkrets. For desse har ikkje eg sett her i nærleiken. For desse må ha kome med på flyttelasset ein gong eg plukka med meg ei rot.

IMG_5545  Slik såg ut her på 2. påskedag. No er det endå mindre.

 IMG_5551IMG_5552 Det har no vorte litt strikking i påska og. Nokre nattevakter og so var den ferdig denne babyjakka. Må sei eg vart fornøgd med knappane :)

Mønster: Rauma eit eller anna.

Garn: Dale baby ull.

Pinne: 2.5 og 3 mm.

Storleik: 9 mnd.

IMG_5550