Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

mandag 19. april 2010

Sokkar og meir snø……

mobil2010 146

Mønster: Alcymist kjøkt hiå Strikk innom. (trur eg)

Pinner: 3.5 mm

Garn: Raggi frå Jærbo

Tjukke og gode sokkar med fint flettemønster. Litt bale å sitja å fylgja med på mønsteret heile tida. Mein dei vart no fine då, om eg må sei det sjølv.

Denne helga har eg hatt arbeidshelg og gjett som møtte meg då eg skulle heim att frå arbeid 22.30 fredagskvelden. Jaudå 10 cm nysnø. Korleis trur du det gjekk med mine sommar dekk? Eg kom meg iallefall ikkje opp att. Så mannen måtte koma ned til hovedvegen å henta meg og så vert eg slept heim att. Moronen etter reiste eg på jobb med gamle bilen for den hadde piggdekk.

Det er ikkje dett eg vil ha i midten av april. Og snøen den ligg endå sidan det har vore 4-5 minus på natta. Bildene under er tatt på laurdagen etter arbeid. Her var det ikkje att ein einaste snøflekk, men sjå no. NO e eg lei snøen.

 

mobil2010 138 mobil2010 141 mobil2010 143

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar