Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

onsdag 23. oktober 2013

Nesten på Bolsetnipa

Ligg her i senga og høyrer på regnet og drøymer om å koma meg på toppen av Bolsetnipa...
Laurdag var det bra ver, så eg sette meg i bilen og køyrde til Skei. Der møtte eg to andre damer. Målet for dagen var Bolsetnipa på 1238 moh. Me køyrde eit stykke opp over Fossheimsdalen. Der tok me beina fatt.... Rim og frost på bakkane gjorde at steinane vart glatte. Men samtidig var det ikkje så blautt i myra. 

Me traska opp over og opp over..... Rim gjekk over i snø til lenger opp me kom. Var ikkje mykje å sjå då me starta å gå, men eit stykke oppi bakkane såg me denne utsikta. Utruleg flott.

Men til lenger opp me kom, til meir snø vart det. Noko som ikkje er ideelt for små hundar med masse pels. Vetle Tassen såg tilslutt ut som ein liten snøball. Og til slutt streika han. Han gjekk ikkje ein meter høgare.... Me kom oss på Grepstadnibba og hadde eigentleg berre flate vegen bort på Bolsetnipa. Men når hunden nekta å gå lenger så var det berre å snu. 

Det var seigt å snu så nærme toppen. Spesielt sidan det ikkje var meg det sto på😉 Men me hadde ein utruleg flott utsikt likevel.

Tassen gjekk noko lettare ned att...snøklumpane var smelta då me var komt ned att til bilen. Sliten og trøytte, men neste gong skal eg på toppen.

søndag 20. oktober 2013

Nytt Seraphim sjal.....

Då har eg endeleg fått vaska og blokka det nya sjalet mitt. Det andre i dette garnet og mønster. Så no har eg to like sjal men i to forskjellige lilla fargar.
Mønsteret er Seraphim shawl av Miriam L. Felton. Fint og enkelt mønster. 
Garnet er nok ein gong Malabrigo Lace i fargen 68 Violetas. 
Sjalet vert stort og lett når det er blokka, men tovar seg litt i bruk. Det gjer ingen ting då sjalet er så stort og tynt. 

Dette sjalet vert nok brukt til alle årstider slik som det andre. Like godt på ein kjølig sommarkveld som ein kald vinter dag.

Ha ei flott haustveke. Her skin sola i dag....

lørdag 12. oktober 2013

Kollsetevatnet....

Denne sommaren har eg mange turar til Kollsetevatnet. Ein fin og grei tur opp over med fin sti og litt myr. Ein times tid frå tunet. Det er fint å bu 425 moh, ein har ikkje så langt att før ein er komen på fjellet:) Her kjem nokre bilder frå Kollsetevatnet.




Mini Marius....

Heisann folkens!
Lenge mellom kvar gong me sjåast... 
No har eg strikka den minste mariussen nokon gong. 3 mnd er ikkje stort. Fort gjort strikk og kjekt å hjelpe ei som ikkje strikkar sjølv.