Om meg
- Linda
- Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
- Eg er ei opptatt jente på 37 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt
mandag 19. mars 2012
Nysnø!!!!!
søndag 11. mars 2012
Little Things lue og pulsvarmarar.
Endeleg ferdig med denne hua, etter å ha rekt den opp ein gong. Sidan den var forliten, men hadde eigentleg tenkt å strikke ei ny. Men fann ut at det var best å rekke den opp, så slapp eg å kjøpe nytt garn. Lurt ikkje sant
To nøster med Sterk er no vorte hua og pulsvarmarar. Ganske greit å få brukt det opp med ein gong og.
Mønster: Little Things på hua.
Garn: Sterk frå DSA.
Pinnar: 3 og 3.5 mm.
Pulsvarmarane har eg laga mønster til sjølv, med utgangspunkt i hua. Jaja, eller mønster og mønster, har no rabla ned noko på eit papir. Som sikkert berre er forståeleg for meg ![]()
Var på Nille i går, og der hadde dei desse fine hønene/hanane og to av dei måtte berre vera med heim. Hanen kan ein fylle med påskegodt om ein vil….
PS eg har framleis att nokre Wollmeise garn…
fredag 9. mars 2012
Soulmate sjal frå DSA.
Her kjem eit lite bilderas av det siste sjalet eg har strikka. Sjalet er strikka i garn frå den nye serien til Du store alpakka, Dreamline. Eit florlett sjal, som veg omtrent ingenting. Dette heng no på Sy og strikkebui i Sogndal.
onsdag 7. mars 2012
Eg sel litt av Wollmeisen min.
200 kr. pr hespe, då er portoen med. Ein kommentar med epostadressa di, så tek eg kontakt.
Det er ein av kvar farge.
100% Merino Superwash
Tollkirsche
solgMörhrchen orasje
Küken
solgtPfefferminz Prinz
Bilder lånt frå Wollmeise http://shop.strato.de/epages/61425309.sf/en_US/?ObjectPath=/Shops/61425309/Categories/%22In%20Stock%22 her kan du og søke på fargen.
Ta kontakt dersom det er noko du vil ha.
onsdag 29. februar 2012
Miss Korrigan i madelinetosh pashmina.
Nok ein gong har eg strikka denne vesten. Likar kjempe godt dette mønsteret, enkelt men likevel litt spesielt. Denne vesten har lagt ferdig ei stund, men så var det dette med blogging då
ja ja no er den no her.
Mønster: Miss Korrigan
Garn: Madelinetosh pashmina.
Pinnar: 3.5 mm.
Storleik: 12 år.
Truleg så vert denne ei julegåve, når den tid kjem.
Av restane så var det ei lita Gros djevelhue. Fyrst strikka eg den minste storleiken, men den vart alt for stor. Rekte opp att og strikka ein ny med 2 masker mindre mellom kvar felling/auking. Men kva storleik det vart på den veit eg ikkje sikkert, har ingen å prøva den på. Men eg tippar 6-12 mnd ein plass der.
tirsdag 28. februar 2012
Selbuvottar ein, to , tre……
Her har eg strikka vottar med tre forskjellige garn. Same storleiken, men forskjellig garn. Så slik har eg fått tre forskjellige storleikar av ein storleik
Øslandsgarn frå Nille.
3 og 3.5 mm.
Passar nok ein 4 –5 åring.
Heilo
2.5 og 3 mm.
Passar nok ein 2 – 4 åring, slik det står i oppskrifta.
Pt5 Sport
2.5 og 3 mm.
Passar nok ein 1 – 3 åring.
Ein fin bukett med vottar. Det vert nok fleire slike småvottar, sidan eg skal bruka opp litt av restegarnet og enkle garn nøster som eg har liggande.
Desse vottane kan no vere ei fin lita velkomen til verden gåve.
mandag 27. februar 2012
Fjellsportfestivalen 2012.
Lite strikking den veka som gjekk, sidan det var vinterferie. Og fleire av dagane vart tilbringa på ski. Desse bildene er frå laurdagen då det var Kinesiskutfor for juniorar og seniorar. Dei vaksne brukte 2 –2.5 timar opp og berre nokre få minutt ned att.
Starten gjekk frå den toppen midt i bildet, på bildet til høgre… Ungane starta og midt i bildet men rett framfor den stripa med tre.
Her kjem elste guten i mål. Flinke store guten min.
Minste guten var ikkje gammal nok til å delta, så han var ein liten tilskodar. Men me koste oss i målområdet med grilling og kinamat. På Kinesiskutfor treng ein og kinesisk mat ![]()
I helga hadde me og besøk av denne karen med familie. Dei koste seg i lag desse to hundane. Sjølv om me var litt skeptiske til korleis det kunne gå. Men alt gjekk fint.
søndag 19. februar 2012
Oppdatert Bui til Linda
Skal tru om du finn noko av interesse?
fredag 17. februar 2012
Då har eg oppretta meg ein salgsblogg.
Litt skummlet dette her, men det går seg vel til.
Eg strikkar ein del og sidan ikkje alt forsvinn ut av huset, men vert liggande i kassar på syrommet, så må eg heller prøve å selge noko av dette.
Ta ein tur innom salgsbloggen min Bui til Linda der kjem det til å kome litt av kvart fram over.
Velkomen innom!
