Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

tirsdag 19. november 2013

Projo vottealong….ei lita oppdatering.

IMG_0094August vottane

En revant de Provence, strikka i diverse restar av Rauma finull og pt2. Kjekke vottar å strikka og ein får brukt opp litt restar.

 

IMG_0092September vottane.

Anemoi mittens, strikka i drops alpaca. Desse skal eg strikke fleire av, men då med fargar som gjev litt større kontrastar og passe på å ikkje stramme på oppleggskanten/fyrste omgangane.

 

IMG_0093Oktober vottane.

Freja, er strikka i Rauma gammelserie. Dette mønsteret var eg ikkje så begeistra for til å begynne med. Likte best innsida på votten. Men etter at dei var ferdigstrikka, så likar eg mønsteret meir og meir.

 

IMG_0091November vottane.

Tiddelibom, er strikka i Rauma finull og pt2. Desse var kjempe kjekke å strikka. Fine å bruke restegarnet på. Og med mykje pt2 og finull i restegarnet så kan det bli fleire slike.

No har eg berre eit par att på denne alongen og det er desembervottane. Mønsteret på dei kjem 1 desember. Eg er klar!

Det har vorte strikka ein del andre vottar og….

november 2013 186

søndag 17. november 2013

50.000 besøk......og give away

Runda 50.000 besøk for ei veke sidan.... Kjekt at bloggen har vore besøkt...... Sjølv om eg er blitt tregare og tregare med blogginga. Ja ja sidan eg då runda 50.000 så hadde eg planlagt gåver til to tilfeldige som legg att ein kommentar.

søndag 3. november 2013

Mariusgenser i kaunigarn.

Har strikka meg ein tynn ullgensar til å ha utan på ulltrøya, når det vert litt kaldare. Fin å ha under skalljakka og. 
Skulle bruka to nøster med kauni, og trudde det vart for lite.... Difor vart det mariusmønster på den. Eigentleg vart eg ganske fornøgd med den. Fin til tur bruk.
Mønster: marius med rund sal.
Pinner: 3 og 3.5 mm.
Garn: kauni farge w-ez.