Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

torsdag 3. juli 2014

Konfirmasjon 10 mai 2014

konfirmasjon 2014 116konfirmasjon 2014 143konfirmasjon 2014 068

Stedje kyrkje 10 mai vart Johannes elste guten konfirmert. Ein stor dag prega av alvor og mykje merksemd, noko Johannes ikkje tykjer så mykje om.

konfirmasjon 2014 093konfirmasjon 2014 097

Her er alle 3 ungane mine samla, lika flotte alle 3. Og her er heile familien.

konfirmasjon 2014 156konfirmasjon 2014 158

Mykje god mat. Heima laga koldtbord. Og me klarte å trykka 29 personar inn i stova. Det var trongt, men heldigvis kom sola og me kunne vere ute og.

konfirmasjon 2014 207konfirmasjon 2014 216

Bilder er eit must i slike anledningar. Familie bilder og gruppe bilder. Me klarte å samla heile gjengen på eit bilde Smile om ikkje alle ser på fotografen, så er dei der i allefall.

konfirmasjon 2014 236konfirmasjon 2014 238

Etter obligatorisk fotografering og pause etter maten, så var det berre å hiva i seg kakene. Mykje godt. Tusen takk te dei som baka til meg.

konfirmasjon 2014 242Då var dei konfirmert desse to søskenbarna. Flotte konfirmantar begge to, Johannes og Stine.