Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

torsdag 5. mars 2015

Fjelltur med mannen....

I dag har eg og mannen vore på skitur... Ikkje kvar dag det skjer, det skal eg lova deko. Kortid sist han gjekk på langrenn.... Hugsar eg ikkje.
Her spenner me på oss skia på altanen og luffar so opp bakkane...
Og det går berre opp og opp...
Over Kollsetestølen....er det litt bratt, nokre stadar. Her kosar Cecilie Skog og Sondre Nordheim seg😂
Her er kan me sjå heile Sogndal skisenter  Hodlekve. 
Kollsetevatnet var målet👍 
Kollsetevatnet og utsikt mot Helleberget. Me er heldige som har denne flotte naturen å leika oss i. Sjølv om det stortsett er berre opp, opp og opp før det flatar litt ut. Kjem ein opp så er det berre herleg. 
Og når me har vore på toppen er det berre å sigle heim att og parkere skia på altanen. Ski ut og ski inn😃









tirsdag 3. mars 2015

Vottar og sokkar i skjønn forening….

Her kjem litt av det eg driv med når eg ikkje er på arbeid. Noko har vel kanskje vore innom arbeid og Smile, når eg er på nattevakt…

iphone 1mars15 1159iphone 1mars15 1161

Pearl Chain mittens strikka i restar av finull og pt2. Tova i maskin på 40 gr. Tjukke og gode vart dei. Desse kunne eg godt ha strikka litt kortare før eg starta på tommelen. Det får bli på neste par..

iphone 1mars15 1274

Korte Hearts for my children sokkar frå Bitta. Desse er strikka i austeman step og opal. Desse kan det og bli fleire av.

iphone 1mars15 1309

Selbuvottar strikka i safir garn.

iphone 1mars15 1356

Love hearts vott frå Lillcat design. Stikka i restar frå finull og pt2. Endå har eg meir restar.. Fine å bruka opp restar til.

iphone 1mars15 1411

Til slutt Grove mittens frå Jared Flood. Desse er strikka i nepal frå drops.

Dette er litt av det eg har strikka den siste tida, då eg ikkje kan bruke fritida mi på lange fjellturar. Noko eg saknar veldig..