Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

søndag 27. juni 2010

Forsinka jonsok feiring……og babyteppe.

IMG_5955 IMG_5958 IMG_5961

Jonsok feiringa vart litt forsinka denne gongen. Likevel vart det ei kostleg feiring, sjølv om eg skulle på natt.

IMG_5964 IMG_5965

Eit lite babyteppe er ferdig.

Garn: Kauni

Pinner: 4.5 mm

Mønster: byrja med 3 masker og auka i byrjinga på kvar pinne til eg syns det var stort nok. Og so felte eg i byrjinga av kvar pinne til det sto atte 3 masker. Enkelt og greit i rillestrikk.

Vekt: 221 gr.

fredag 25. juni 2010

Prosjekt utviding……..

IMG_5845IMG_5921IMG_5927IMG_5932

Siste veka har me drevet med litt utviding av platting attmed dammen. Skikkeleg fornøgd er eg om eg må få sei det sjølv. No gjenstår eit strøk til med kvitt og beising av plattingen. Og planting på opp sida. Der skal det koma ei klatrerose, pluss litt andre planter som kjem frå andre bedd her i hagen. Gledar meg til eg har fått spadd og blanda opp jorda i blomsterbeddet.

 

  IMG_5929IMG_5942   

Dammen skal å utvidast, men det skjer nok ikkje før til hausten eller neste vår. me får sjå om arbeidslysta er der. I dammen er det komt ein knopp på den elste vannlilja. Vert spennande å sjå om den kjem opp og blomstrar.

Baby boom rundt oss.

IMG_5945 IMG_5946 IMG_5947

For tida går det i babystrikking. Ikkje til meg men til fleire rundt oss som skal ha småfolk. Fleire på alder med meg som får fyrste ungen… og eg er ferdig for lenge sidan. Byrja tidleg så vert ein tidleg ferdig og :)

Dette settet mangler lue, knappar og silkeband. Knappar og silkebande vert ordna når babyen er komt, for då veit eg kva fargar eg skal bruke. Viss eg ikkje berre heilgarderar og brukar kvitt.

Mønster: Dale baby 197

Garn: Dale baby ull.

Pinner: 2.5 mm