Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

mandag 28. desember 2009

Slik går det

IMG_4555IMG_4556

Slik går det når ein sit på nattevakt og ein ikkje er heilt vaken. Eller praten går lika fort som pinnane. Var komt langt før eg oppdaga det, men kva gjer ein? Jau ein fortset å strikka og lager to høgre vottar og, så har ein plutseleg to par i stadenfor eit. Aldri so gale at da ikkje e godt for noko……..

Vottane er henta frå: pt design nr: 82 og strikka i pt 5 sport. Bra garn å strikka i, faktisk. Så det vert nok strikka ein del vottar fram over……

 

IMG_4552 IMG_4553

Dette er noko av det eg fekk til jul av mann og barn. 2 sett med Harmony wood pinner og ein strikkekoffert? Eg kan i allefall ha strikkepinnane mine oppi denne. Pappa trudde eg hadde fått meg jordmorkoffert :)

IMG_4554   Her sit hunden i huset og lurer på om han får gå ut..? Ekje store karen, men gud kor fin han er.

torsdag 17. desember 2009

Pulsvarmarar i Sterk

 IMG_4446

Slik såg det ut her ein dag. Litt snø på bakkane og sola som har stått opp over Storehaugen. Kan ein finare ha da?

IMG_4450

Fruen sjølv var modell for eit strikka sett som eg laga i fjord (trur eg). Strikka i Bris. Kjempe herleg å ha på seg. Ingeting som klør.

 

IMG_4453 IMG_4454

Då eg var i Bergen sist veka så hadde eg meg ein runde innom diverse garnbutikkar for å sjå om dei hadde noko spennades som me ikkje har i Sogndal på bui. Men da vise seg at da mesta får eg tak i heima. Men noko kjøpte eg no likevel på bryggen hjå Nilsen. Ei bok og 4 nøster med Sterk.

IMG_4452

Så no har eg strikka eit par pulsvarmarar frå denne boka. Sterk garnet var godt å strikka i, så det kan eg tenkja meg å stikka meir i. Får sjå kva da vert til etter jul, for no trur eg det er andre ting eg heller burde vore oppteken av enn strikking.

Alle må ha ei fin 4. søndag i adventshelg. For det er snart helg??

torsdag 10. desember 2009

Endeleg dei fyrste hanskane mine ferdige..

DSCF3963DSCF3964

Og jammen vert det lenge til før eg strikkar fleire slike,…trur eg. Guri for eit pirk å strikka alle fingrane. Då er det jammen betre å strikke vottar. Då har eg berre tommelen.

Mønster: Drops

Garn: Fabel frå garnstudio

DSCF3954 DSCF3956 Sist helg var ei skikkeleg travel helg. Som starta på laurdagen med jobb på sy og strikkebui, ferdig der kl. 14 og reiste rett til norheimsund til besto sin 80 årsdag. Søndagen då køyrde eg og Hallvard til Bergen med minsta systo mi. I Bergen viste det seg at det var søndagsopent, så eg fekk handla litt på søndagen og eg.

Bildene over og under er tatt på julehuset til Audhild Viken på bryggen. Masse fin julapynt hadde dei der.

DSCF3961 DSCF3962  

I dag har eg fri frå jobb, så eg har baka sjakkruter og julabrød. Vert spennande å sjå om julabrødna vert lika gode som dei jentungen laga i fjord.

Ha ein fin dag alle saman.

fredag 4. desember 2009

Lovebirds vottar

IMG_4422 IMG_4423

Endeleg er vottane ferdige. Dei har lagt sikkert eit år no. Eine var ferdig nesten, mangla berre tommelen. Men no er begge to ferdige endeleg, og gud kor fine dei e om eg so må sei da sjølv. Kanskje litt store til meg, så dei får vel finna seg ein annan eigar. Godt å verte ferdig med slike små ufoar som ligg rundt om kring i huset.

Mønster: Lovebirds by Randi k design.

Garn: Cascade.

Pinnar. 3.5

Ein award

Sjå kva eg fekk av ho Malla ein award, det er jammen kjekt at nokon set pris på blogginga mi og. Denne awarden sender eg vidare til strikkesaken , trollkåno , Ingrids Ull og Tull desse er det alltid kjekt å stikke innom. Og så er dei i slekt alle tre.

torsdag 3. desember 2009

Endeleg ei godkjent lue.

IMG_4417 IMG_4418

Onsdag morgon såg det slik ut på morgonen. Då var det berre ut å foreviga den flotte himmelfargen.

IMG_4419 IMG_4420

Ferdig med ei lue til. endeleg er jentungen fornøgd med lengda på lua. Denne er godkjent :)

Mønster. Frå eit sandneshefte eg ikkje veit nr på.

Garn: Alfa m/glitter

Pinner: 6 og 7 trur eg.