Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

søndag 29. august 2010

Nytt babyteppe

To veker sidan sist. Det byrjar verte lenge mellom kvart innlegg no. Likar det ikkje men, men slik er det når ein driv med ørten ting om gongen. Og to harde arbeidsveker, då vert det ikkje tid til så masse strikking. Men har no fått gjort ferdig ein ting i allefall. No skal eg ta meg ein runde med vasking og om møblering i stova :)

DSC00067

 

Mønster: Mitt eige.

Pinner: 4 mm

Garn: Kauni i regnbogefargar.

 

DSC00025  Denna orkideen står no og blomstrar i kjøkenglaset, er han ikkje fin?

Ha ein fin søndag alle saman.

søndag 15. august 2010

Seraphim Shawl

IMG_6870 IMG_6866 IMG_6867

Må sei meg ganske fornøgd med dette sjalet. Dette trur eg at eg skal ha sjølv. Det er heilt herleg å ta i og ganske florlett.

IMG_6868Modellen er flotte med oppsatt hår :) 

IMG_6869

Mønster: Seraphim Shawl kjøpt på Projo

Garn: Malabrigo Lace, farge Orchid 34

Pinner: 4 mm

Stemorane får stå ei stund til…..

IMG_6859

Desse får stå ei stund til, men det får ikkje dei under.

IMG_6862

lørdag 14. august 2010

Stemorsblomstrar…….

IMG_6859

Sjå her kva som veks mellom steinane på tunet. I fjord stod det stemorsblomstrar her, så i år blomstrer det som berre da. Litt fint er det, men slik skal det no ikkje vera. Vil ikkje ha grøne vekster mellom steinane. No treng eg ein ugrasfjernar.

mandag 9. august 2010

Anestølen

 IMG_6789Ekje da flott. For ein herleg natur me har rett utom stova. Eller 5 min med bil …….. Eg og Hallvard tok oss ein tur fram på Anestølen. Måtte nyta sola og finveret. Hallvard pakka sekken sin med fiskeutsyr og eg med strikketøy.  

IMG_6790 IMG_6784

Me parkerte bilen på Selseng og gjekk fram til Anestølen.

IMG_6791 IMG_6793

Her er det fisking på høgt nivå i underbuksa. Andre brukar vadebukse, Hallvard kler heller av seg :)

IMG_6801 IMG_6807

IMG_6810

 IMG_6815  

Eg let bileta tala for seg. Kan ein flottare ha det?

Etnemarknaden.

 IMG_6661

Det var fleire år sidan me hadde vore på hytta til mor og far, så torsdag reiste me. Kom fram på hytta i 23.50 tida, etter å ha stoppa heime hjå mor og far og i Odda hjå syster mi. Fredag reiste me til Haugesund ein tur sidan det regna slik på hytta. I Haugesund der skein sola. Sola tok me med oss tilbake på hytta. I Ølen står dette huset her (bildet over) som har eit utruleg flott maleri på veggen.

 IMG_6677IMG_6678

Laurdag reiste me på Etnemarknaden. Her måtte ungane prøva lykkehjulet og gjett om gleda var stor då dei vann 2 kg melkesjokolade.

  IMG_6682 IMG_6699

Nokre prøvde å vinne bamsar medan andre køyrde karusell. Morro er det i allefall.

 IMG_6748IMG_6713

På marknaden var det mange boder der dei selde diverse. Mannen i huset han måtte ha seg ei soks å klyppe greiner med. Her står han og viser svogeren sin korleis den fungerer, neste steg er å prøve den. Så då var det berre å gå laus på tredna.

 

IMG_6726 IMG_6717

 IMG_6778

I dag sit eg og Hallvard heima aleina. Manne og eldste guten er byrja på jobb atte, jentungen er og på jobb. Og eg har framleis ei veka att av ferien.

søndag 1. august 2010

Hagesenter på Fagernes.

Juli10 596

På veg heim frå ferie stoppa me på eit hagesenter på Fagernes. Her kunne eg ha gått i timesvis, men det hadde eg/me ikkje tid til. Men masse fint hadde dei. Og litt fekk vera med heim att.

 Juli10 594Juli10 592

Dei hadde eit kjempe utvalg her i forhold til kva ein finn heima. Det kan nok verte fleire turar til Fagernes…….

 

Juli10 599  Juli10 598Då me var komne heim att så var det å ha seg ein runde rundt i hagen. Og riddersporene mine hadde kome ut i full blomst. Kjøpte meg ein ny ein på Fagernes som må plantast ned ein plass og men kor???

 

Juli10 602

 Til og med rosa som skal opp i pergolaen hadde byrja blomstra. Rosa på den eine sida og raud på den andre.

No byrja det regne att ute. Er nett ferdig å plukke jordbær. Ikkje så mykje som er modne endå…..eg treng litt varme og sol.