Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

søndag 29. januar 2012

Miss Korrigan nok ein gong…..

IMG_0708IMG_0709

Nok ein gong har eg strikka denne vesten. Til no har eg strikka 2 vestar og 2 babyjakker i detta mønsteret, ofte slik når det er noko eg likar. Fint og enkelt mønster nemleg. Truleg vert det nok fleire og Smilefjes. Kanskje til jul…..

Mønster: Miss Korrigan

Garn: Pali frå saffrondyeworks.

Pinner: 3.5 mm.

Storleik: 2 år, med litt meir lengde.

IMG_0712IMG_0710

Her i huset går det i maling av stoveglasa, no vert dei nemleg kvite. Tidlegare var dei trekvite, men no er det nye tider……så maling pågår. Eit herk eigentleg….eg må ha så mange strøk. Så no er eg litt lei…Ha ei fin veke alle som kikkar innom velomen nye følgarar.

onsdag 25. januar 2012

Vottar til ein god hjelpar.

IMG_0703IMG_0707

Eg har brukt nattevaktene i helga til å strikke vottar. Desse skal varme hendene til ein god hjelpar. Ein som kjem når det er noko mekanisk som skal fiksast Smilefjes tru kven det er?

Mønster: Votteboken (grøne) Thuvestua.

Garn: Heilo.

Pinner: 2.5 og 3 mm.

Storleik: Ei passleg mannehand.

Håpar berre at dei passar. Om dei er litt store så kan dei tovast litt.

IMG_0705IMG_0706

No stikke eg på jobb….me snakkast.

mandag 23. januar 2012

Nok eit babyteppe i regnbogefargar……

Januar 2012 003Januar 2012 005

Måtte nett visa deko himmelen for ei veke sidan. For nokre fargar. I går kveld var det visst nordlys her, men det såg ikkje eg. Var komt på nattevakt eg då eg fekk høyra det.

Januar 2012 010Januar 2012 009

Dette er det tredje nøstebarnteppet i regnbogefargar. Trur det og vert det siste på ei stund. Desse teppene er greit å ha som enkelt tv strikk. Og kjekt å ha liggande i tilfelle småfolk kjem til verda.

Januar 2012 012Januar 2012 020

torsdag 19. januar 2012

Selbuvottar!

IMG_0692IMG_0693IMG_0694

Desse vottane vart skikkeleg små! Til og med til mine så hender så vart dei tronge. Neste gong skal dei i allefall strikkast på større pinnar. 2mm er jammen tynt, men det var det som stod i oppskrifta. Likar mønsteret godt, så eg får prøve meg på tjukkare garn og pinnar. Kanskje dei vert passeleg til større hender då. Vottar treng me no i desse snøtider.

IMG_0695

Mønster: Rauma

Garn: Pt 2.

Pinner: 2 mm.

Storleik: Lita jente hand.

 

IMG_0696IMG_0702

I dag var eg ute og laga veg bort til grinda, berre i nattserken Smilefjes. Tenkte ungane skulle få sleppa å vabba gjennom 40-50 cm snø, når dei skulle på skulen. No er endeleg fresen i orden att og, så då vert det litt meir snørydding i da. Tusen takk Odd Rune for at du fiksar da mesta.

IMG_0700IMG_0701

Medan eg fyrst var i gang med bildetaking i dag, og det var 50 mm linsa som var på kamera, så tok eg bilder av orkideane eg har i stoveglaset. Var dei ikkje fine?

No er det straks nattevaksthelg att. Så de får ha ei fin helg.

søndag 15. januar 2012

Hals ala Marte Helgeturn.

Desember 2011 147Desember 2011 149

Dette er noko av da enklaste eg har strikka. Fann oppskrifta på Marte Helgetun sin heimeside. Dette er nok, noko kven som hels kunne ha funne på, for enklare vert det ikkje. Eg har til og med sett jentungen i gang med ein slik hals. I eit litt dyrar og fint garn så vert no dette ei fin julegåve. Og noko kven som hels kan laga, berre du kan rettstrikk.

Mønster: Marte Helgetun.

Garn: 2 nøster Faerytale frå DSA.

Pinner: 4.5 mm.

Desember 2011 151

fredag 13. januar 2012

Korrigan!

Desember 2011 009Desember 2011 057

Wow for nokre flotte bilder, not. Men gidd ikkje ta nye…..latskapen lenge leve Smilefjes  Nok eit mønster eg synst va fint, så då vert det ofte fleire…..

Mønster: Korrigan

Garn: Enya frå Saffron dyework.

Pinner: 3mm.

Storleik: 6 mnd.

Desember 2011 001

Litt nysnø på fjellet før jul ein gong. Fanne dette bildet på kameraet. No har det kome 15 – 20 cm nysnø kvar einaste dag, og vetle fresen er ute av drift. Gjett om eg vart glad då mannen kom heim att i kveld, og ha kunne ta traktoren i bruk. Ny del har eg bestilt til vetlefresen så får eg håpa den er i drift att neste veke. Håpar på opplett dei neste dagane……

Ha ei fin helg alle som er innom, velkomen nye følgarar.

onsdag 11. januar 2012

Då var trekning gjort!!!

Dei heldige vinnarene er: duBedåre med denne bloggen som vant wollmeise garnet.

                                        : Linda med denne bloggen som vant 2 nøster med kunstgarn.

Flotte bloggar har dei begge to. Dei er vel verdt turen innom.

Dei to heldige må no sende meg adressa si så kjem pakken straks i posten. Adressa vert godt mottatt på linda.kollsete@hotmail.com Smilefjes

torsdag 5. januar 2012

Sweet Caroline i raudt til meg sjølv…..

Desember 2011 051Desember 2011 055

Drista meg til ein farge som viser, ikkje berre grått, svart eller liknande. Denne vinteren skal de sjå at her kjem eg Smilefjes.

Mønster: Her

Garn: Drops alpaca.

Pinner: 3.5 mm og 4.5 mm.

Mengde: Trur eg brukte 4 nøster tilsaman.

 

Desember 2011 058Desember 2011 059

Her har eg strikka eit par leggvarmarar til ei jente på 7 år. Ikkje kjenner eg jenta, men eg håpar at dei passar. Mønster har eg laga sjølv. Ikkje nett noko designar, men eg glimtar til innmellom…. Sjølv om eg hels likar å strikke etter oppskrift, er litt mindre tenking og fundering då….i allefall viss oppskrifta er rett. Ikkje alltid oppskriftene er rett heller, eller at dei kan vere litt tungvint skrevne. Men men desse har no eg brukt hjernen min på, og no skal dei sendast til Bergen. Håpar dei kjem fram og ikkje havnar ein eller annan plass i posten systemet der dei ikkje skal vera……

Og så må de ikkje gløyma å melda deko på give awayen min i innlegget under.