Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 29. mai 2009

Vårslapp

   Mai09 015 Er trøytt og slapp for tida. Er vel vårslapp som da heiter, eller ein kombinasjon av å vera litt utsleten etter konfen. Men no nærmar det seg ferie med stormskritt……..og det vert vel kansje like travelt då……..turar både her og der….men i all denne slappheita så er det avslappande å sitja å sjå på tulipanane og dammen. Fiskane som glir gjennom vatnet…..det er avslappande. Avslappande er det ikkje når eg no skal til å bera/samla saman litt meir stein til å ha rundt dammen. Skal dekka til jorda med singel.

Mai09 031 Mai09 019Denne veste raudvingetrosta fauk rett i glaset ute på altanen. Høyrde berre eit dunk og der låg den. Tassen snusar på trosta medan ho framleis er i live. Men ho døydde seinare, tolte ikkje krasjet.

Mai09 005Sjølv i slappheita så må eg gjera litt……eller må og må….har no valgt da sjølv. Då me malte huset vart denne benken grøn slik som listene på huset. Men no er listene vorte kvite så måtte benken bli kvit og. Og jammen vart den ikkje finare og i kvitt.

Mai09 002Var ein tur på Leikanger på Oasen Hageland. Og då køyrde eg forbi statenshus……….der blomstrar rhododendronane

Ha ei fin Pinsehelg alle saman, heldigaste er de som har fri….. noko som ikkje alle har :)

søndag 24. mai 2009

Det går seint for tida

Lite strikking for tida. Lysta er der liksom ikkje. Det er så mykje anna eg har lyst te å gjera. Vera ute i hagen å kosa meg der. Planting og litt rydding i blomsterbed og hagedammen. I fjord sa eg til meg sjølv at, til neste år skulle eg ikkje bruka noko særleg med peng på blomstrar……. men trur de at eg klarte da då? Neidå, har allerede brukt ein tusenlapp eller litt meir, no i vår og. Vert heilt sjuk av å gå på hagesenter og å lesa i hageblada som kjem i posten kvar månad, 2 i talet. Det er mykje eg vil gjera, men eg trur eg skal prøva å ikkje byrja på noko nytt denne sommare. Heller nyta det som er ferdig og berre halda vedlike. Luke litt ugras i ny og ne.

Eg ser det at ting går litt seint med meg for tida. Eg driv på ute, ryddar litt og plantar litt. Og så plutseleg sit eg ved dammen og ser på fiskane. Slik kan eg sitja i lange stunder. Jobbar litt att og så sit eg litt att. Slik går liksom dagane……… rett og slett nyt at det ikkje er så mykje som skal gjerast.

Men litt må gjerast. I dag har eg og elste guten malt litt att. Garasjen er no nesten ferdig med fysta strøket. Vedhuset er halvferdig med andra strøket………eg må berre beundra gutungen, han er ein skikkeleg arbeidskar. Sjølv om han berre er 10 år. Han er mykje flinkare til å hjelpa til enn jentungen på 15.

Litt strikking vert det innimellom likevel, men det går seint. Eit par omgangar kvar dag, viser ikkje att.

Nei no er det leggetid snart, skal tidleg opp att i morgon…..

mandag 18. mai 2009

Bursdag i dag og

I dag er det min og elste gutensin bursdag. 35 og 10 år. Gutungen fann ut at han hadde jubileum, han vart jo 10 år. Men trur du sola skin for oss i dag då? Neidå for i dag regnar det. Men det er no eigentleg ikkje so nøye, for feiringa gjorde me unna 16 mai.

 Mai09 122 

I dag er det plikter att. Køyring til kamp for jentungen. Klevask og slapping av på sofan.

Ha ein kjempefin dag alle saman.

søndag 17. mai 2009

Vår i dammen

Mai09 154Litt nyare bilder frå dammen.

Mai09 151 Mai09 152

Igår då eg var ferdig på jobb, gjekk eg på dyrebutikken og handla to flyteplanter og ein koi i bursdagpressang til meg sjølv. Gullfiskane har gått i dammen eit par veker no og det ser ut som om at dei trivs. Det ser og ut som at koien som eg sleppte ut i går har det bra i lag med dei andre fiskane.

Eg kjøpte ny pumpa i Førde før konfirmasjonen, men eg har endå ikkje bestemt meg for kor eg skal plassera den. Så slangane ligg ut over plenen endå. Slangen i den minste dammen den er veldig fristande for små gutar. Kjekkt å spruta litt……..plutseleg har det då minka på vatnet i dammen.

Gratulera med dagen alle saman…….

Mai09 131So var feiringa for vår del over. Stasen er vrengt av og det er kome på litt meir behagelige klede.Mai09 058

Sjølv om det er helligdag så bryr ikkje han seg om det. Så eldste guten han kløyver ved. Han fekk ein liten vedkløyver, som nokon skulle kasta. So no er livet verdt å leva, tykjer han. Eg ser vel ikkje den guten meir. Jobbe, jobbe kløyve. 

mandag 11. mai 2009

Konfirmasjon overstått for denne gong, 5 år til neste…….

 

Dagen starta med regn og kaldt ver, men heldigvis var vergudane med oss. For då me var ferdige i kyrkja så letta veret og det var antydning til blå himmel.

konf 09 074

Ei flott jenta på veg inn i den vaksnes verden, på godt og vondt. Vert nok mange bekymringar og søvnlause netter framover om ei stund. Men det er vel ein del av livet, for ei mor og far.

 

 konf 09 101Tykte denne var så fin at eg måtte berre ta den med ut for fotografering.   

konf 09 229

Her er heile familien samla.

torsdag 7. mai 2009

7 mai og snø

IMG_2096IMG_2097 

Hjelpe meg, slik såg da ut då eg stod opp i dag. Litt snø i lufta det har me hatt dei siste kveldane, men at det skulle legga seg det hadde eg ikkje trudd. Faen (unnskyld uttrykket) eg likar snøen, men berre om vinteren. Ikkje no når det er vår og snart sommar. Me skal ha konfirmasjon til helga og i dag ser det slik ut, så no spørs det om tulipanane blomstrar til søndag.

 IMG_2099 IMG_2100

Her stemorane mine som eg planta på laurdag. Skulle pynta til konfirmasjonen som er på søndag. Skal tru korleis det går med blomstrane no. Skikkeleg velkomen her………..

Til Førde og Plantasjen

IMG_2070

Kjøsnesfjorden

 

Pengar inn på kontoen og så bar det rett til Førde og Plantasjen, for å kjøpe pumpe til damman. Dei stakkars gullfiskane mine treng litt reint vatn. Pumpe vart kjøpt pluss nokre blomar. Kan ikkje reisa frå plantasjen utan. Då eg var heim atte komen så var det berre til å montere pumpe og filter. Slik vart det då, frosken fekk ei lita stråle og bekken rann fint.

IMG_2076 IMG_2074

 IMG_1998

Desse to gullfiskane pluss ein tredje er no flytt ut i dammen, då det var så fint ver. Men det er det ikkje lenger. Igårkveld snøa det ute og no er det berre 4 grader. I dammen ligg gradene i underkant av 10 grader. Heldigvis ser det ut til at det går bra med fiskane.