Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 29. mai 2009

Vårslapp

   Mai09 015 Er trøytt og slapp for tida. Er vel vårslapp som da heiter, eller ein kombinasjon av å vera litt utsleten etter konfen. Men no nærmar det seg ferie med stormskritt……..og det vert vel kansje like travelt då……..turar både her og der….men i all denne slappheita så er det avslappande å sitja å sjå på tulipanane og dammen. Fiskane som glir gjennom vatnet…..det er avslappande. Avslappande er det ikkje når eg no skal til å bera/samla saman litt meir stein til å ha rundt dammen. Skal dekka til jorda med singel.

Mai09 031 Mai09 019Denne veste raudvingetrosta fauk rett i glaset ute på altanen. Høyrde berre eit dunk og der låg den. Tassen snusar på trosta medan ho framleis er i live. Men ho døydde seinare, tolte ikkje krasjet.

Mai09 005Sjølv i slappheita så må eg gjera litt……eller må og må….har no valgt da sjølv. Då me malte huset vart denne benken grøn slik som listene på huset. Men no er listene vorte kvite så måtte benken bli kvit og. Og jammen vart den ikkje finare og i kvitt.

Mai09 002Var ein tur på Leikanger på Oasen Hageland. Og då køyrde eg forbi statenshus……….der blomstrar rhododendronane

Ha ei fin Pinsehelg alle saman, heldigaste er de som har fri….. noko som ikkje alle har :)

4 kommentarer:

  1. Kjempefin dam du har laga, og så fint du har planta rundt:) Ha ei flott pinsehelg.)

    SvarSlett
  2. Ja vårslappheita har visst tatt fleire ,men det dårlege veiret siste veka har vel gjort litt og.Eg må alltid sjå litt ekstra på bilda av dammen din .Den er så flott !!

    SvarSlett
  3. Litt slappe er me vel alle til tider....er lov, det.
    Du har fått det kjempefint rundt dammen.....og benken vart flott.
    Ha ei god pinsehelg!!!

    SvarSlett
  4. Så fin den gamle benken var! Vet du om den antikvitetsbutikken i løa ved Mollands Marki eksisterer enda?
    Så koselig at du er innom bloggen min av og til! Bildet du så, var fra det gamle Samvirkelaget nede ved ferjeleiet. Jeg har kjøpt en leilighet der. Datteren min bor på den gamle lensmannsgarden på Amla Nedre, og vi skal feire bryllup der nå i August!.

    SvarSlett