Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

onsdag 29. juli 2009

På tur

 

Her har eg vore på tur med gutungane. Eine turen var med minste gute, då var me fram på Dalavatnet å fiska. Eller rettare sagt han fiska og eg hekla. Så veldig aktiv var han vel kansje ikkje. Ser rimeleg avslappa ut der han sit.

Andre turen den  hadde eg med eldste guten. Me gjekk til fjells. Nærmare sagt Halsavatnet og hedlebruddet. Ved hedlebruddet kan ein sjå korleis dei budde om sommaren. Då var dei der heile sommaren og tok ut heller som dei drog ned att til bygda om vinteren. Fytti katta for eit arbeid dei har hatt. Det er litt spennade å sjå korleis dei hadde det.

1 kommentar:

  1. Fekk de fisk? Eller han, rettare sagt.. Det skal vel noko til å få fisk på heklekroken.. hehe..

    Ser ut som de har hatt ein herleg sommar!

    Takk for hyggeleg kommentar på bloggen min. Får håpe det blir meir tid til strikking og sånn framover ;)

    Ha ei fin veke!

    SvarSlett