Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

mandag 15. februar 2010

Herlege søndag og ferdigstilling av siste par vottar for ei stund…..trur eg

IMG_4858 IMG_4863 IMG_4873

Me måtte ha oss ein tur ut på søndag. Og sidan ski ikkje er aktuelt for meg for tida så er det berre å ta beina fatt. Eg og minste guten i huset vart med dei andre fram i skitrekket og så gjekk me heim att i lysløypa. Utruleg flott ver tidleg på dagen, men det skya meir og meir over seinare på dagen.

 IMG_4870  IMG_4887

Tissepause var og nødvendig. Ikkje nok med at han skulle tissa, men han vassa ut i laus snøen, la vottane att med seg og leita fram vetle karen. Kanskje den  ikkje var så lett å finna med alle kledna på……….Kvilepause måtte og til når han hadde sigla ned gjennom skogen, der treffte han tremenningen sin.

IMG_4892Eit lite bilde av huset vårt i sola.

 

 IMG_4917 IMG_4918 IMG_4919 Og så var det sista paret med vottar for ei stund trur eg………er i allefall litt lei av å strikke vottar. Men det vert nok fleire seinare. Trur eg er litt små lei strikking og for tida. Har vorte mykje strikking i vinter, men no med ein kranglete rygg og det inneber at eg ikkje kan sitja for lenge så vert det ikkje mykje strikking……vert meir turgåing……og det er no berre positivt…

2 kommentarer:

  1. Nydelig turvær!
    Og så utrolig mange fine votter du har strikka! Ha en fin uke!

    SvarSlett
  2. Koselig å være ute å kose seg i vinterlandet:) ja det er noe med det å ville tisse når alle lag med vinterklær er kommen på:D
    Nydelige vakre votta du har strikka:)
    ØNsker deg ei flott uka:)

    SvarSlett