Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

mandag 25. april 2011

Siste dag av påska 2011

Denna påska har ikkje hatt ski på beina. Har rett og slett ikkje hatt lyst. Har brukt fridagane….på soling, strikking, flytting av snø og litt vasking og rydding.

Vaska og lagt saman kle er og vorte gjort. Trur ungane har alt for mykje kle…

I dag har eg vaska glasa i stova og kjøkenet, på innsida. Nokre vart vaska på utsida i går.

Badet har og fått seg ei oppskeining, der var det tjukt lag med støv skal de tru. Men no er det heldigvis vekke. Eg er nok ikkje av dei flinkaste til å vaske og rydde i heimen. Men eg har det no sånn passe her heima, likevel må det nokre skippartak til innimellomSmilefjes Då er det musikk med litt volum som gjeld.

No har eg sendt gutungane opp på romma sine, dei treng litt rydding og. Spørst kor mykje som vert rydda, minste guten protesterte høglydt og vart skikkeleg sur då eg sa det ikkje var godt nok å berre kasta alt under senga. Ut av øye, ut av sinnSmilefjes trur eg han praktiserar….

5 kommentarer:

  1. Det er godt og få unna litt vårrengjøring:) Så flott jakke du har laget til din mamma.

    SvarSlett
  2. Så flink du har vært :) Jeg pleier å si: så lenge det ikke er møkkete... så er det ikke farlig ;))
    Ha en forsatt fin kveld, klem.

    SvarSlett
  3. Det er utruleg kor mykje støv som kan samla seg på eit bad. Kor kjem det frå? Med all den snøen du har hatt skjønar eg at ski ikkje sto øvst på ønskelista. Vonar det har minka drastisk i dette fine været.

    SvarSlett
  4. Puh det var ikke dårlig. Nå må du sette deg ned og hvile litt. Hilsen Heidi

    SvarSlett
  5. Er det ikkje greit å ha litt avslappa forhold til det støvet då? Og så morsomt det kan være med skippertak. Då føler ein seg skikkelig fornøgd når alt er over.
    Var skikkelig stilig den strikkejakka under...
    Ha ei ny flott veke.

    SvarSlett