Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 22. april 2011

Jakka til mamma endeleg ferdig:)

IMG_8763IMG_8766

Endelg vart jakka til mamma ferdig, eit år etter at den vart påbegynt. Ting tar tid av og til. Lenge har den lagt innanfor synsvinkel frå strikkekroken min, og den har gjett meg dårleg samvittighet mange gongar. Men likevel har det tatt lang tid å få den ferdig. Men no er den det, manglar berre knappar. Som vert ordna i morgon vil eg tru. Eg kan no ikkje bruke like lang tid på det?? Jakka er for det meste i glattstrikk med litt fletter øverst og med masse fellingar rundt armane og i halsen. Måtte halda tunga rett i munnen for å ha kontroll på alt dette.

IMG_8765

Mønster: Gjestal

Garn: Frost.

Pinner: 2.5 og 3 mm.

IMG_8764

Sidan jakka er ferdig så måtte eg byrja på noko nytt. Denne gong ein tunika lik denne som eg Maren fekk til jul 2010. Denne gongen vert den strikka i storleik 2 år, slik at eg får brukt opp garnet. Iallefall det mesta av garnet.

IMG_8767IMG_8768

I dag har eg spadd nesten vekk all snøen på plattingen. Har dreve på i fleire dagar, teke litt og litt. Men no er det ikkje mykje att. No er eg og lei snøen.

Ha ei framleis ei fin påske alle saman. Kos deko i sola.dei som har…

4 kommentarer:

  1. det ble nå ihvertfall en flott jakke til slutt!
    - stakkars dere som fortsatt har snø :-/

    SvarSlett
  2. Den ble jo utrolig fin og for en herlig farge :) Nå blir hun glad tenker jeg :)
    Her har vi sol og varme, lenge siden snøen gikk nå :) Vi har fått opp forteltet på campingen idag :)
    Ha en fin kveld, klem.

    SvarSlett
  3. Så fin jakken ble. Heldig mamma

    SvarSlett
  4. For en nydelig jakke du har strikket til din mor. Den kunne jeg virkelig tenkt meg...

    SvarSlett