Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 27. mars 2009

Pakke til ho mor og tantungen.

No har eg endeleg somla meg til å senda pakken til mamma i posten, måtte ta det no, for det vart forlenge å venta til eg skulle heim. Då kunne det no fort verta både vår og sommar. Det vart det i fjord, så i år tenkte eg at eg måtte vera betre. Litt seint ute er eg no likevel. Den andre pakken den er til tantungen min i Odda som vert 10 år på neste laurdag. Håpar ho kjem til å verte glad for det ho får. I dag kan ho ikkje bruka det ho får, men forhåpentligvis kan ho det neste helg. lurer de no..........?????
No har eg strikka meg ein wham bam thank you lamb eg og. Den er strikka i Hubro frå Dalegarn og pinne nr 9. La opp 25 masker og strikka til eg ikkje hadde meir garn. Brukte 100gr nøste vel å merka.

2 kommentarer:

  1. Spennende pakker;) halsen så virkelig god og varm ut. Flott med ei slik nål, har sett flere slike..må komme meg på en butikk for tilbehør snart jeg også..Ha en flott fredagskveld!

    SvarSlett
  2. Så flink du er.Sokkene var knallfine...Ha en fin dag med mange farger....

    SvarSlett