Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 6. mars 2009

Handel igjen



I går kom pakken som eg hadde besstilt på nettet hjå To Damer. Trur ikkje det gjekk meir enn to dagar så hadde eg pakken i posten. Jammen fort å handle for mykje når ein berre sit og trykjer. Det blir litt peng av det, sjølv om det ikkje ser så mykje ut. med på kjøpet fekk eg og to maskemarkørar.

Jentungen lurte på om eg var byrja samla på garn sidan eg er byrja å ha garnet i plastkassar. Eg sorter det alt etter kva det skal brukast til eller garntype. Enkelt å finna fram i rotet mitt då. Men det kan verta ein del kassar av det. Men ein ser no kor eg har kva slags garn uten at eg må leita gjennom alle handleposan (slik eg hadde da før). Det som er på bildet er og berre ein liten del av det eg har samla opp etter ca 20 år i handarbeids brasjen. Eg byrja tidleg..........me er 4 systre og det er berre eg som driv med handarbeid, så eg driv på for dei og. Eine systra var vel nett borti noko korssting men det var vel og alt..........


2 kommentarer:

  1. Ja, nå har du litt å holde med på..
    Ha en fin strikkedag......fint garn!

    SvarSlett
  2. Du har faktisk samme system som meg;) Jeg har også garn i slike dunker, da blir det lett å finne rester av de forskjellige garntypene også. Kos deg med garnet og ha en kjempefin fredagskveld!

    SvarSlett