Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

mandag 30. mars 2009

Vinteren er her framleis.

Her er jentungen i svevet. Heile vinteren brukar me på ski, noko som er utruleg morro. Veret var ikkje så aller verst. Så det var fint å vera ute.
Slik såg det ut i frå toppen av trekket. Tidleg på dagen. Det vart faktisk finare ut over dagen. Men då måtte eg reisa heim att, var ikkje god til å sigla meir, etter at eg hadde dotte litt forkjært. Gjekk litt hardt utover armane og nakken. Så no sit eg godt her i stresslessen og slappar av, resten av veka og sa doktoren....så slik enda den dagen.

No vil eg ha vår, siste dagane så har snøen smelta godt og ein ser at det minkar. MEN i dag så var det kome nye 10 cm nysnø. Det virkar som om at vinteren ingen ende vil ta. No er eg lei snøen her på tunet, den kan godt vere oppe i skibakken, men eg vil ha den vekk slik at eg kan får rydda og ordna ute til konfirmasjonen 10 mai.


1 kommentar:

  1. Vinteren er som sagt vakker og innbyr til mange aktiviteter, men nå vil vi ha vår! Må håpe det smelter til 10.mai;) Ha en flott dag!

    SvarSlett