Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

torsdag 14. juli 2011

Kose dagar i Bergen.

Juli 2011 033Juli 2011 044

Denne veka har me hatt nokre fine dagar i Bergen. Der me fylgde hurtigbåten frå Sogndal til Bergen og heim att etter to netter i bydn. Her er litt bilder frå turen til akvariet. Mange fine pingvinar fekk me sjå.

Juli 2011 046Juli 2011 062

Vetle systra kosar seg i strandsonaSmilefjes Og så fekk me sjå haiane i haitunellen. Sjølv om dei var noko små, tykte eg. Små nemofiskar var det og ilag med haiane.

Juli 2011 052Juli 2011 066

Steinbiten er ikkje noko flott fisk, om han så smakar godt i fylgje fagfolk.

Juli 2011 088Juli 2011 095

Ikkje lett å få begge gutane med på same bilde, lite samarbeidsvillige kan ein sei. Så då får me ha dei på kvarsine bilder.

Juli 2011 098Juli 2011 103

Mari og Hallvard klappar på krokodillen. Heldigvis var den i plastikk og ikkje ekte slik som den til høgre som er 4 meter lang og over 300 kg. Denne ville ikkje eg ha møtt, når eg var på bading.

Juli 2011 130Juli 2011 123

Tilbake turen frå akvariet tok me gjennom brusteinsbelagte smale gater. Kosleg og verdt turen.

Juli 2011 119

 

2 kommentarer:

  1. Så godt de har kosa dykk i byen. Pingvinane er alltid fotogene. Flotte bilete av dykk og :-).

    SvarSlett
  2. Så koselige bilder av familien på tur. Mye å se i akvariet

    SvarSlett