Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

onsdag 6. juli 2011

Ei lang helg til Svalbard

Svalbard 11 003Svalbard 11 019Svalbard 11 023

Turen starta på Hukåsen med Widerø til Oslo, og derifrå var det med Sas til Tromsø og så Longyerbyen.

Svalbard 11 046Svalbard 11 043Svalbard 11 055

Her er me på ein guida taxitur rundt i Longyerbyen, veldig kjekk tur.

Svalbard 11 073Svalbard 11 080

På bildet til høgre har me heile tempeldalen i bakgrunnen. Guiden meinte det var veldig viktig å ta bilde framfor dette skiltet.

Svalbard 11 144Svalbard 11 150Svalbard 11 160

Laurdagen var me på 8 timarsbåttur til Pyramiden. Pyramiden ligg under russisk styre. På sommaren budde det ca 16-17 personar der. Om vinteren var det 1-2 personar. Heile denne staden vart fråflytta på kort tid. Ting stod slik det gjorde då folka reiste frå staden. Ute var det mykje rusta skrot.

Svalbard 11 196Svalbard 11 199Svalbard 11 204

Svalbard 11 224Svalbard 11 239

På vegen heim att var me innom ein brearm, hugsar ikkje heilt kva den heiter. Der var det og ein sel som kvilte seg på eit isflak.

KJempe fin tur som er å anbefala. Kjem nok og fleire innlegg frå turen.

2 kommentarer:

  1. Kan tenke meg det var en interressant tur:) Så vakker natur!

    SvarSlett
  2. Ser ut som du har hatt ein kjempe fin tur.

    SvarSlett