Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 30. april 2010

Min fyrste myntpung.

IMG_5570

Min fyrste myntpung. I går kveld vart eg so inspirert av Timotei, at eg sette i gang å sy. Lenge sidan eg har brukt symaskina så det var litt kjekt og. Denne myntpungen over sydde eg nesten ferdig i gårkveld, men den mangla glidlås. Noko som var mykje seigare å sy på. Sjølv om det var veldig greit forklart i bloggen til Timotei.

Så det vert nok fleire av desse her, for no har eg kjøpt inn fleire glidelåsar.

IMG_5572  

Her er eit lite bilde av sy og hobbyrommet mitt. Litt trangt om plassen men kva gjer vel det berre eg får vere i fred her inne :)

I helga er det nattevakter att…..Ha ei fint 1. mai helg alle saman.

4 kommentarer:

  1. Den myntpungen er kjempefin!
    Har SO lyst å sy, men so er det alt det andre som må gjerast, då........jaja,kjem vel tid til det òg.....
    God helg til deg!

    SvarSlett
  2. sjå der ja, den var jo kjempeflott!!!

    eg er ikkkkkkje kompis med symaskina for tida eg..

    SvarSlett
  3. Så flott den var! Har lyst å prøva meg på slike eg og ein gong! Ha ei fin helg:)

    SvarSlett
  4. Så flottpung du har sydd! har litt lyst å bruke symaskina mer jeg også, så vi får se;)
    Ha en fin kveld og klem;)

    SvarSlett